Kring helse, mat, reising og kommunikasjon.

Det er mange utfordringar når ein er på reise. Dei kjem på det fysiske, mentale og medisinske planet. Det er og knytt til alder og direkte til helse. For det fyrste er det annsleis å reise som 70åring enn som 30-åring.

Ein føler seg som ein 30-åring inni….men utenpå.

Det er opplagt. Ein blir meir sliten. Førligheit er ikkje som før, ein prøver såleis å ta høgde for dette. Eg har t.d. teke med ein trillebag, for eg ville ikkje legge for mykje press på skuldrene med bruk av ryggsekk. Eg hadde eit uhell på sykkel ei dryg veke før me dro.Sklei på underkjølt asfalt og landa på venstre skulder. Skulder vart vond, moglegvis ei skade på leddband.

Ein trillebag og ein ryggsekk.

Det kjennest enno, om enn litt mindre. Så no er eg klar for ryggsekk. Unni har ryggsekk.

Ny ryggsekk kjøpt i Ipoh.

Alderen gjer at nokre dagar blir noko meir slitsomme, sjølv om eg held meg i relativt god form. Kneet er meir utsette no enn før. Eg tok nok litt hardt i nokre dagar på sykkelen til Berlin. Kneet mitt kjennst litt når eg går nedover bakkar og trapper.

I dei siste 2 vekene har begge vore forkjøla. Først eg, etter bussturen frå Laos til Bangkok. Så rett før eg blei frisk så smitta eg Unni. Så no vil ho gå og slite med det dei neste to vekene.

Mat kan vere ein kjelde til uhelse. Det høyrer til normalen at ein blir påverka oav mat ein tek inn. Er ein uheldig så blir ein matforgifta. Det har hendt oss før. Det har og Unni og Kitty Karina erfaring med. Til no har me blitt spara. Me har vore varsame med kva og kor me et. Har valtl dei meir siviliserte stadane, som ser “reine ut". Har alltid med sitron eller lime til å ha på salatar.  

Varm mat, helst rykande er ofte best.

Denne gatematen er rykande varm og relativ trygg.

Her treng salaten ein skvis med lime.

Skrellbar frukt er veldig trygt.

Eit anna aspekt med reise og alder er komfort. Det er vel ikkje til å unngå at ein vel betre løysingar for overnatting og transport. Hotell med bad, framfor herberge med sovesal og felles bad. Dette er dyrare og det har negative implikasjonar på den sosiale fronten.

Me saknar meir kontakt med andre reisande.

Bra og billige rom. Unni ville ha enklare standard og enno billigare hotell.

Nå må det jo nemnast at Unni helst senke den allmenne standarden på overnatting. Eg ville helst ha bad/toalett i nærleiken, så kan ein jo tenke på kvifor?

Bussane som går langdistanse er som regel bra.

Forskjellig standard på buss.

Reisene har foregått med buss, minibuss og tog. Fly er behageleg og ein sparer mykje tid. Det er dyrare, men me har prioritert flyreiser nokre gonger, pga av nevnte forhold.

Veldig bra tog i Laos.

Så må jo vere stolt av at me har unngått matforgiftning (no etter 5 veker). Me krysse fingrane for at me framleis klarer å unngå det. Handspriten hjelper på å halde bakteriene på vekk. Det same kan sitronen.

Antibac føre kvart måltid.

Har alltid ein lime eller sitron med i veska. Den presser med over salaten.

Kommunikasjon.

Noko som har endra seg radikalt dei årtia me har reist er kontakten med vener og familie. På 1970-talet var post og fast-telefon det som vart nytta og på reise. Då eg hadde min fyrste solotur i tenåra, var det brev og post som var viktigste kanalar mellom meg, familie og vener.

Me har nytta oss av postvesenet på denne turen. Brev og postkort til  barnebarna.

Skjembilete av Saily , e-sim som kan nyttast over heile verda. Kan’kje ver utan Sim🤨

Det var skitdyrt å ringe på vanleg telefon, så det blei sjeldan gjort. Kort/brev eg sendte frå Polen og Tjekkoslovakia (1974) tok gjerne 10-14 dagar. Det same opplevde Unni og eg I Sør-Østasia 12 år seinare. Det var berre Steinar (far) og Kari (svigermor) som hadde god nok råd til å telefonere til den andre sida av jordkloten.

Ennå seinare kom internett og dei teknologiske moglegheiter det ga oss for kommunikasjon. Nå kunne me sende epost på reisene våre. Å tinga hotellrom, togbilettar og halde kontakt med vener var superenkelt.

Den store Aha-opplevinga eg fekk med ny teknologi var å sende SMS frå den kinesiske mur 2004. Då fekk eg ein svært overraska Olav Petter på melding. Han synes det var fantastisk å få direkte livsteikn frå Den Kinesiske Mur, mens eg faktisk var der!

Mobiltelefonen vart allemannseige på nittitalet, men det var faktisk dyrt å nytta han i utlandet. Då smartelefonen kom i 2007, vart det ein revolusjon. Den lille datamaskinen kunne jo alt, ikkje berre sende tale og tekst, og no 20 års tid seinare har alle denne dingsen og nyttar han heile vegen til “alt mellom himmel og jord”.

Lita jente på landsbygda i fattige Laos ser video på smarttelefon.

Og dette ser me spesielt i Sør-Østasia det telefonen har blitt allemannseige på rekord-tid. Og landene har bygga ut nett (5G) i supertempo. Fattige land, som Laos og Kambodja har mobilnett i store delar av landene.

Utruleg kva ein drassar med seg på tur, for å vere førebudd på alle eventualitetar.

Og no sit me her på eit hotellrom på Bali, har nett fiksa bilettar til land, transport til ny stad og tinga nytt hotell, alt via mobilen. Har og fått melding om eit kansellert returfly heim te Noreg! Så no har me ingen retur til heimlandet!!

Oppdatert fredag 6. mars: No har me moglegvis ei reise heim. Men krigen i Midtausten har stengt flyplassen i Doha, der me skal mellomlande.

Oppdatert i dag 29. mars:

A major disruption occurred due to airspace closures around Qatar, affecting long-haul flights globally. �

ABC News

Specifically, multiple Qatar Airways flights between Australia and Doha were cancelled or even turned back mid-flight in the past 1–2 days. �

ABC News

The main direct service on your route (QR899, Brisbane → Doha) shows recent cancellations in flight status systems. �

I praksis vil det bety at ddt er stor sannsynlihet for at me ikkje kjem heim att den 1.4.2026 som planlagt.