Perth. · 1. mars – 1. april 2026
![]()
![]()
På veg fra flyplassen. Klokka fire om natta.
Nigel og Pingkan henta oss midt på natta. Veldig kjekt av dei å møte oss på flyplassen og kjøyre oss heim til huset sitt! Nigel og Pingan er vener frå Stavanger.
![]()
Eit moderne hus som var bygd med norsk standard på m.a. isolasjon.
![]()
Mexico-inspirera vegg på kjøkkenbenken.
![]()
Reisevande folk. Busett i mange land over fleire 10år.
![]()
Stavanger i miniatyr.
![]()
Romsleg stue med takhøgde på 5 meter.
Dei budde der i 5 år og var vener med Kitty Jorunn og Christian, då dei budde i Gamlevegen. Det var Kitty som introduserte dei til oss. N&P har reist og budd fleire stadar i verden, då han jobba i Schlumberger.
![]()
Huset bygde dei i 2022, etter å ha rive det gamle dei hadde frå 1987.
Då me kom heim til deira nybyggde hus var det tydeleg prega av eit interiør med masse minne frå opphald i mange land.
![]()
Boligområdet, grønt med romslege omgivnader, park og lekeplass.
Nigel tok oss med på omvisning i heimbyen. Perth er ein flott storby som strekker seg over fleire halvøyer og landområder med romslege parkar og grøne lunger. Perfekt for Nigel og Pingkan som er friluftmenneskjer. Nigel han padlar, surfar, joggar og er ein erfaren havsiglar.![]()
Perth ligger med store grøne område inntil elva Swan River.
![]()
Utsiktspunktet over Perth frå Kings Park. Nigel har vokst opp i Perth.
![]()
Moderne by med mange spennende byggverk.
Perth har 2 millioner innbyggere, men dei har god plass. Dette meiner Nigel det blir endring på, då det er mange tilflyttarar og fortetting i byen.
![]()
Delar av turen gjekk på gangbruer 4-6 meter over skogbunnen.
Pingkan og Nigel tok oss med ein tur til Freemantle, ein havneby like sør for Perth. Det var ein forfriskande tur (det blåste) til ein by med sterke arkitektoniske trekk fra victoriansk, kolonial byggestikk.
![]()
Nytt og gamalt i Freemantle.
![]()
To karar som fant ei kjekk skjorte, dei begge ville ha.
![]()
Og slik såg dei ut bak.
Så var me klar for å se Australia!
Margaret River Region
![]()
Me var så heldige at me fekk låne bilen til Pingkan og Nigel😀
![]()
Unni var fyrst til å kjøyre på “galne” siå av vegen. Og sånn blei det.
Fyrste stopp var på Busselton Jetty, der me spaserte ut på ei 1874 meter lang brygge. Det var langgrunt her for dei fyrste europeiske “settlers” som starta med tømmereksport her. Dei små seilskuter trong ikkje så djupt vatn, så i byrjinga på 1870-talet var den berre 176 meter lang.
![]()
Lang, langt og lengre enn langt. Imponerande konstruksjon.
Med dampskipa, som kom rundt 1900, endra behov for vassdybde, så einaste måte å gjere det på var å strekkje brygga enno lengre ut på djupt vatn. Den blei 1874 meter på siste utviding rundt 1960.
![]()
Toget som frakta tømmer tek turister i dag.
Mykje tømmer blei eksportert til Sør-Afrika, USA og Storbritannia. Den dag i dag er treverk i konstruksjoner og bygningar og undergrunnsbanen i London.
![]()
Gammelt og restaurert.
![]()
Så var den dagen og slutt, ved Busselton Jetty.
![]()
Her dyrkar dei frukt, grønsaker og urter. Solceller på taket, sjølvsagt.
Neste dag kom me over ein heil liten landsby der dei jobba med alternativ byplanlegging med moderne innovative løysingar for energisparing, eller kort sagt framtidslandsbyar.
![]()
Populært boligfelt.
Her kunne du kjøpe deg ei tomt og bygge ditt eige innovative, økologiske framtidshus.
![]()
Litt bading på pensjonatet ved Busselton Jetty
![]()
Mykje strender langs Indiahavet.
Margaret River Region er eit av Australias viktigste vindistrikt. Her produserast vinane Cabernet Sauvignon og Chardonnay. Me kjøyrde gjennom mange vingårdar, der dei fleste hadde gårsutsal restauranter og vinsmaking på menyen. Trur nok dei dreg inn ekstra mykje på drifta med desse tilboda.
![]()
Vingårdar over alt i Mararet River.
![]()
Kilometer på kilometer med vinranker.
![]()
Druer klare til innhausting.
Ei interessant detalj: Me spurte om me kunne få sjå innhaustinga, men dei gjorde dette berre på natta (02.00-07.00), for “varme” druer ville påverke kvaliteten på druene ved vinproduksjonen.
![]()
Lokalet var bygd som restaurant og vinsmaking-etablissement.
![]()
Mykje stæsjing av vinflasker.
![]()
Her er vin frå 1972-1973 og vin frå 2022-2023.
![]()
Tusenvis av flasker med årgangsvin ligger under jorda her på gården.
Vingården hadde verksemd frå syttitalet og såg ut til å vere ein storprodusent i dag med eit fabrikkanlegg, vinrankar over eit stort område og moderne fasilitetar for kommersiell drift retta mot turistar.
Litt kjipt at det ikkje var mogleg å sjå på sjølve vinproduksjonen. Det var det eg kom for å sjå.
![]()
Her laga dei vinen på gården, men der var det forbode å vere.
Store deler av kyststripa på begge sider av Margaret River-regionen har flotte strender med yrande friluftsliv. Det er og “surfers paradise”. Overalt ser me store 4wd bilar og “campere” med surfebrett på taket.
![]()
Surfer tek ei pause.
![]()
Mektige bølger og tøffe gutar på brett.
![]()
Unni og eg prøvde oss ikkje i bølgene, men heldt oss på stranda.
![]()
Kenguru er ei plage i trafikken, som elgen i Noreg.
Regionen har og mange naturreservat med fine skogar og villdyr av ymse slag.
Me trefte både ein levande og ein daud kenguru.
![]()
Flotte skogar med store trer.
![]()
Åtvaring langs vegen!
![]()
Ein kenguru kikka fram frå skogen.
![]()
Skogane var fleire stadar merkte av den store brannen for tri år sidan. Overalt såg me daude trer og trer med svarte stammar.
Tydelege merker etter brann.
![]()
Margaret River Bed and Breakfast.
![]()
I skogen, ein koseleg plass å overnatte men langt over budsjett!
Me sveiv litt rundt i Margaret River for å finne ein rimelig plass. Fullt mange stadarm, men fann ein stad midt i skogen. Kosta litt meir enn dei andre me sjekka (189 $=kr.1344) Prøver å halde ei budsjett-grense. Det som før har vore målet (1000 kr. dagen) , er sprengt etter me kom til Australia.
![]()
B&B var godt utstyrt og her var god frukost inkludert i romprisen.
![]()
Eg likar å ta bilete i motlys.
![]()
Enno eit motlysbilete. Sumarlys på stranda.
![]()
To kjente fjes i solnedgangen ved Cape Naturaliste Lighthouse.
![]()
Cape Naturaliste Lighthouse.
Siste dag på vår reise sør i SW-Australia blei me i Busselton, der me tok inn på same motell me hadde for to dager siden. Varmt, 35°C, bris, behageleg å ligge på stranda, dei siste timane før me satte kursen nord mot Perth.
![]()
Litt brunfarge må me ha før me dreg til øst i Australia.
I Perth blei me atter innljosert hos våre elskverdige verter Pingkan og Nigel.
![]()
Bilder fra Stavanger 1996.
![]()
Odin, Falke, Unni og Skjalg i 1993.
![]()
Nigel, Pingkan og Justin. Dei to andre gutane, Luke og Ryan er h.h.v i Tjekkia og Perth.
![]()
Pingkan visar Luke sine prestasjoner på volleyball.
![]()
Luke vant medalje for Australia sitt landslag under OL i London i 2012.
Dei tok oss med på nok ein strandtur, ein halv times kjøring frå heimen. Bading med innlagt kunstutstilling på stranda. Herleg ver, 35 gr. i lufta 25 gr. i vatnet.
![]()
Glassmenn!
![]()
Desse karane minner meg faktisk om seigmenn! OG Anthony Gormly sine jernmenn i Stavanger.
![]()
Pingkan. Kan du se Unni Elisabeth og Skjalg og?
![]()
Pigkan hadde laga nydelig lasagne.
Etter strandturen laga dei ein uforglemmeleg avslutning på opphaldet vårt i SW Australia. Pingan hadde trylla fram nydeleg mat til ein picknick ved elvebredden på Swan River. Den dama kan laga mat. Ho lærte faktisk Unni og meg å lage indonesiske mat for 35 år sidan! Kvelden ved elva vart stemningfull i 25 gr. varme på ein 7. mars i Perth Australia. Wow!
![]()
Picknic med Panorama over Perth ved Swan River.
![]()
Nice! Very nice view!
Melbourne. · 8. mars 2026
Neste stopp på turen er Melbourne. Denne byen har litt over 6 millionar innbyggarar, omtrent som heile Noregs folkesetnad. Melbourne er ein hipp og moderne by med mange trendy kafear og vibrerende uteliv. Me kom frå flyplassen etter ein 3,5 times flyreise frå vestkysten og måtte skru klokka fram 4 timar for å fylge aust-australsk tid. Det forteller litt om storleiken på landet. 3142 kilometer langs highway sør, 26 dager å spasere om du skulle ha lyst til det.
![]()
Kontrastar mellom smått og gamalt og stort og nytt.
Melbourne vil gjerne vere moderne, men byen er oppteken av å ta vare på det vesle dei har av historiske bygg. Då vert kontrastane ofte tydelege i bybildet.
![]()
Etter lang flytur og tidsforskjell på 4 timar, flata me ut i Flagstaf Park.
No bur me i ein gammel bydel i North Melbourne. Her er det små hus med historie. Koseleg og litt hippt, litt som i Pedersgata og på Storhaug.
![]()
Kjøkken er romsleg. Merk taket av bølgeplast.
![]()
Middag med kjøtpai, spagetti og tomatar.
![]()
Avgarde til nytt hotell.
Hostellet er ein gamal bygning som ser ut som ei tidlegare kaserne eller institusjon av eit eller anna slag.
![]()
Utanfor bustaden vår i Victoria Street er det små gamle hus.
![]()
Litt lenger ner i gata skyt skyskraparne opp mot himmelen.
Dette er nok ein billeg bydel på mange vis, med rimelege bustadar og låge leigeprisar. Det var her me fann dei billigste hotella. For det er dyrt her i Australia.
![]()
Og sånn er dei nye bydelane, eller dei sentrumsnære områda.
Prisnivået på bustadar er vel over det som me e vane med frå Noreg. For mat ser det ut til å være litt billigare. Australia lir med andre ord av den same sjukdommen som i Europa, inflasjon.
![]()
Ein liten frokost etter zzz i parken.
Ellers så er det fint her I landet. Det er reint og skikkeleg. Folk er venlege, reiser seg på trikken og smiler når me smiler til dei. Australia er eit stort land med mange nasjonalitetar. Folketalet bikkar 30 millionar. Melbourne er den nest største byen med 5,2 millionar. Sydney har 5,4.
![]()
Unni vert klypt av ein kar som kom frå Iran i 1999.
Majoriteten av folkesetnaden har røter frå Europa, med ein stor andel fra England, Irland, Skottland og Tyskland (55%).
Ca. 7% har asiatisk bakgrunn. Britiske og irske forfedre er mest utbredt, mens over 3 % er urbefolkning (aboriginere og Torres Strait-øyfolket). Innvandring frå Asia, særlig Kina og India, er aukende.
![]()
Desse damene feirar Momba og er frå Colombia.
![]()
Victoria Market. Unni til høgre.
![]()
Melbourne er hipp, trendy og radikalt på mange måtar.
![]()
Mange flotte og gigantiske veggmalerier i byen.
![]()
Aktuell politisk graffiti i Melbourne City.
![]()
På gratis-trikken mot Botanic Garden.
![]()
Frå botanisk hage.
![]()
Vannliljer og Sotand.
![]()
Flotte skogar, med hundrevis av tresortar. Her eikeskog.
![]()
Eit knippe med eiketrer som veks i Australia og andre stadar.
![]()
Store trær som har stått her siden 1840-talet.
Dei tri dagane me var i Melbourne vart me kjend med verdas største trikkenett. Delar av dette var gratis.
Me fekk med oss den store Momba-festivalen og eit stort fyrverkeri på laurdagen, og den flotte botaniske hagen sør i byen. Den botaniske hagen som ble etablert i 1846 og har 8.500 planter. Det skal være blant dei finaste i verden.
![]()
Botanisk hage med mykje eksotisk å sjå for oss frå kalde Noreg.
![]()
Blue Lotus.
![]()
Rose av eit sjeldent slag.
![]()
Trikken var gratis i sentrum av Melbourne.
![]()
Kjekt å kjøyre trikk. Skulle gjerne hatt trikk i Stavanger.
. · 11. – 17. mars 2026
Nordøst Victoria - Australia Capital Territories
![]()
Ut på tur igjen. Denne gongen med og austover i Australia.
![]()
Frå togstasjonen i Melbourne.
![]()
Me passere Nar Nar Goon. Mange kjekke navn i strøket her. Waga Waga.
Togreiser er alltid kjekt å oppleve. Australia har eit godt utbygd toglinjenett på 31000 kilometer (Norge 4000). Du kan dra i store delar av landet med jernbane, men det er store avstandar. Fly er det mest brukte transportmiddel på for folk på lange reiser.
![]()
Bairnsdale. Typisk landsby i Australia.
![]()
Som i dei fleste byar i Australia har bilen forrang.
Me har reist med tog og buss dei siste 2 dagane. Fyrst med tog frå Melbourne til Bairnsdale, så med buss til Canberra. Ein av dei mange fordelene med å reise spontant og utan rigid planlegging, er nettopp å nytte dei innfalla som kjem langs vegen, bokstaveleg. Det går som regel bra, men somme gonger ikkje så bra.
![]()
Dagens reise. Legg merke til dei raude punktene som er brannen som pågår no.
![]()
Bagasje på plass. Neste stopp Canberra.
![]()
Lange strekk med flate landskap. Me reiste og gjennom Namadgi National Park.
![]()
Ein påsett brann langs vegen til Canberra
Canberra
Mykje ville dyr langs reiseruta. Unni såg mellom anna ein Kenguru. · 13. – 15. mars 2026
![]()
![]()
Ved kysten Lakes Entrance.
![]()
Då er me her i Canberra. På innsjekk i Accomodation Center.
Me hadde eigentleg tenkt å vere to-tri dagar i Bairnsdale, for å utforske området. Før me kom fram til togstasjonen kom konduktøren på toget og spurte om me hadde tinga reise videre til Canberra på laurdagen. Jo, det hadde me. No har det seg slik, seier Bob, konduktøren, at det går ingen buss den dagen til Canberra, berre i morgon. Sjølv om me hadde kjøpt bilettene på billettkontoret i Melbourne, så var dei altså ikkje gyldige.
![]()
Her blei me verande dei neste dagane. Canberra Accommodation Center.
Me måtte gjere om på planane og droppe 2 dagar av opphaldet i Bairnsdale. No var me uforskyldt i denne tabben, så dei ordna opp for oss. Synd me gjekk glipp av dei to dagane med m.a. vitjing på “koalaøya” og ein fiskerlandsby ved kysten.
![]()
Nok ein moderne by på reiseruta. Canberra er hovudstaden i Australia.
Vårt reisemål denne gongen er Canberra. Ein ny by som blei etablert etter vedtak i den australske nasjonalforsamlingen i 1908.
![]()
Regjeringsavenyen. Her ligger alle offentlige bygningar innan byens triangel.
![]()
Fint interaktivt museum for hovedstaden.
I 1911 blei det utlyst ein arkitekt- konkurranse for å lage byen, der et amerikansk arkitektektepar fekk oppdraget. Eg trur det er få hovudstadar som er konstruert som byar, men t.d. Brasilia i Brasil er blitt til på det viset.
![]()
Det unge demokratiet i Australia blei til på slutten av 18-talet.
![]()
Del av byens layout via Google Maps. Tydelege trekk frå arkitektens hand.
![]()
I midten av byen ligger parlamentet.
Australia er ein ung nasjon (men også svært gamal - meir om dette seinare) med ein grunnlov som blei vedteke 1. januar 1901. Då vart seks kolonial (under den britiske krona) slått saman til ein nasjon under navnet Commonwealth of Australia. Dei var konstitusjonelt knytt til Storbritannia fram til 1931, etter dette gradvis eigen stat.
![]()
Her er tar nasjonalforsamlingen sete i det nye parlamentet frå 1988.
Australia har hatt ein broken historie med innvandringen frå begynnelsen på 18-talet. Dei aller fyrste innvandrarane var britiske straff-fanger som blei internert i Sydney i 1788. Dei kom frå
Storbritannia i 11 skip saman med sjøoffiserer, matroser, soldatar og annet offentlig personell.
![]()
Engelskmennene møtte eit folk som budde og levde her frå før.
Dei oppdaga fort at landet dei kom til hadde innbyggere frå før. Faktisk hadde urinnvånarane budd i Australia i 65.000 år. Konfliktnivået var stort i dei fyrste åra og problemene mellom urinnvånarane og kolonistanane fortsatte over mange generasjoner.
![]()
![]()
Fekk høyre vonde historiar korleis det nye folket hansama urinnvånarane.
Gutar blei teke frå sine foreldre og plassert i barneheimar. Jenter blei plassert i pene kvite heimar.
Fyrst i våre dagar har har det australske folket akseptert og ennå seinare har politikarane gitt urfolket ei grundig orsaking for 300 års undertrykking.
![]()
Mykje av identiteten til Australia er no knytta til aboriginere sin kultur.
I dag er både parlamentet og nasjonalmuseet sterk knytt til den sterke aboriginer-kulturen, til den store australianaturen og til den viktige demokratiske tradisjonen som Australia har arva frå Storbrittannia og Europa.
![]()
Ballongfestival! 50 ballongar opp på mogonen i Canberra.
![]()
Her få ungar prøve gassbrennaren.
![]()
Festlige ballongar.
Me var på ballongfestival, men kom oss ikkje opp tidsnok til det store sleppet med 50 stk om klokka 6 om morgonen. Dette skal være den eldste ballongfestival i verden (1986). Men me fekk med oss det årlege fyrverkeriet på kvelden.
![]()
Tusenvis samla seg til det årlege fyrverkeriet.
Det var arrangert av byen Canberra og blei skutt opp i den kunstige sjøen Lake Burley Griffin, som omgjer parlamentet og regjeringsbygningane i sentrum. Me spurte ei ung jente om kvifor dei hadde dette, men det visste ho ikkje.
![]()
Poff pang knitre knitre.
Og så var opphaldet i Australias hovudstad over. No skal me til Sydney og møte Kitty Karina🎉
Sydney
Siste frukost på studenthybelhuset. · 15. – 22. mars 2026
![]()
![]()
Siste trikk på nettet i Canberra. Ei rett linje fra sør rett til sentrum. Dei jobbar med utviding nord og forbi parlamentet.
Då blei det ny busstur på oss. Canberra-Sydney med Murray Line. 3 timar langs Freeway M31. Passerte den einaste naturattraksjonen, Lake George. 30 km2 stor, ein meter djup. Forsvinn stadig pga av fordamping.
![]()
Eit lite hostell, enkelt og billigt i ein dyr by.
Spaserte de 1000 metrene til hostellet Azzurro Boutic Hotel (fint ska det ver) i Surry Hills.
![]()
Resepsjonisten var på på kamera og administrerte fleire gjestehus I Syndney.
![]()
Me kom oss inn og skulle vere der 2 dagar.
Det er vanskeleg å finne billige overnattingsplassar i store byar. Der går krav til standard og komfort ned.
Me tinga eit rom med fire senger, utan å vite kven som kom i dei to andre sengene.
![]()
Rom med fire senger, med eget bad.
Det viste seg å vere ei jente frå Taiwan og ei kinesisk jente som oppførte seg som om ho eigde heile rommet. Men slikt må ein rekne med når ein tinga slik me gjorde denne gongen.
![]()
Ein del reisande som ikkje har fått posten sin!
Me hadde ein dag att før Kitty Karina kom til Sydney så me tok ein dagstur.
For ein dollar (kr. 7,50) reiste Unni og eg med toget til endestasjonen Berowa, ein times reise nord for Sydney. Der var det ein nasjonalpark, Mount Ku-ring-gai, som me ville oppleve.
![]()
Skal me velge den korte eller den lange, eller den midt på?
Me kjøpte oss ein halv wrap med salat og kylling i ei matsjappe, hadde 1,5 liter vatn i sekken og satte av stad.
![]()
Fyrst litt almenn informasjon.
![]()
Så ein overmodig sving i treet.
![]()
Litt betraktning av fauna
![]()
Var det ein fin stein der?
![]()
Den var fin, den. Lurer på om me kan ta den med oss heim?
Etter ein times gange nedover i ulendt terreng kom me til eit lite vatn (trudde me). Det viste seg at det var havet som kom til oss, eller nærmere bestemt ein fjord.
![]()
Den var tørt, dette vatnet her.
![]()
Det var synet av båten som sette oss på tanken om at dette ikkje var ein liten innsjø.
Me hadde forlengst passert timen det skulle ta å gå hit, så me lurte faktisk at me skulle trå til å ta den lange turen på 9 kilometer. Nå hadde me lest at det var viktig å kome attende til "sivilisasjonen" før solnedgang. Ho som hadde skrive dette blei nok litt gripen av naturens skjønnheit og blei forseinka attende til togstasjonen, som ho knapp fant, pga. mørket.
![]()
Karritrer, finst overalt i Australia.
![]()
Kongler som har vore i skogbrann opnar seg og fører livet videre.
Me gjekk langs fjorden med eit landskap med trær, buskar og meir eller mindre eksotiske plantar.
![]()
Me bestemte oss for den lange turen og ville, om alt gjekk greitt, vere på stasjonen før sola gjekk ner.
Etter eit lite uhell (sklei på glatt stein i ein bekk), ein spisepause med alt for lite å leske oss på, og nok ein time på stien var me attende på 170 moh meter og lett terreng mot stasjonen Mount Ku-ring-gai. Like før me forlot stien dukka det opp eit lite dyr me kjente att. Jo, sanneleg, der stod den ein liten kenguru rett foran oss! Ein unge kanskje, troskyldig og uredd.
![]()
Den tusla rundt stien og knaska på ferske granskudd.
Me gjekk mot kenguruen utan at den reagerte noko særleg. Den knaska berre videre på maten den fant. Rasling i skogen like bak buskaset ved stien merka me rørsle.
![]()
Nysgjerrig på oss, den lille karen.
Og der var det ein eldre større som stod og kikka på oss. Det var nok mora. Hadde venta at ho ville komme fram, men nei ho heldt seg i buskaset. Til slutt forlot me dei to og drog til jernbanestasjonen. Før me reiste attende til Sydney, måtte me fylle opp systemet med veske. Eg drakk 1,25 liter den neste timen.
To be continued…..
i Australia II