INDONESIA · 19. februar – 1. mars 2026

Dei neste dagane blir som dette.

Landa i Denpasar, hovedflyplassen på Bali i forrykande torevér og styrtregn. Fekk overkjøyrd alle taxibeilarar som ville ta trippel- og dobbelt pris og tok ein Grab til normalen takst, for dei 4 km til overnattingstaden, KelanTel Bali. Denne kosta 142 kr. for eit dobbeltrom. Du kan få mykje bra for ⭐️⭐️⭐️ hotell til den prisen, men denne var ganske på botn og fortener knapt ei stjerne.

Det lukta sterkt mugg og rommet var ikkje reingjort på lang tid.

Som om ikkje det var nok, så var store deler av bagasjen våt, då me gjekk dei 10 metrane frå Grabtaxi til hotellresepsjonen - og dei 50 metrane til rommet. Paraplyane me lånte var ikkje te mykje hjelp. Me fekk ikkje tørka bagasjen skikkeleg etter styrtregnet.

På land i Lambongan etter 40 minuttars sjøreise frå Denpasar.

Dei lokale seier det regner mykje mindre på Lambongan, det passar oss godt, sidan regnsesongen framleis dominerer verbilete andre stadar i Indonesia og Bali. Den går mot slutten og i mars skal den vere over. Det tyder på at det er mindre turistar her og lett å finne seg bustad. Derfor tok me turen til øya og satte oss på ein cafe og fant ein koseleg stad med hytter, basseng og restaurant til kr. 171,- pr døgn.

Ein matbit og litt planlegging.

Fint navn.

Klassisk bustadsområde for turistar på Lambongan.

Standard opp 200% til same pris, inkl. frukost!  Før kvelden tok me oss ein rundtur i området, som ligg 8-10 minuttars gange frå bustaden vår.

Dreambeach levde ikkje opp til namnet sitt med bylgjer på 4 meter.

Kraftig bylgjebrus ved Devils Tear.

Ikkje så ulikt kysten heime,

Me beveger oss her på eit fjellmassiv som er eit heva korallplatå, mens andre delar av Bali er vulkansk. Øya har og aktive vulkanar på Mount Agung, der det var ut rot i 2019.

Hamburger og…

Hummer til kveldsmat.

Koseleg å vere her. Stille og avslappande for kropp og sjel.

Godt med myggnett. Fint rom med alt me treng.

På terrassen kan ein lese og tørke klesvasken.

Herleg plass å sole seg. 30°C i bassenget.

Neste dag, den 21. februar er Aslak sin bursdag. Me laga ein liten video til han foran hytta vår. Bomma litt på årstalet, han er ikkje 4 men 3 år…

Vel, sendte og ei helsing frå stranda.

To stolte besteforeldre som tulla litt med årstalet🤪

I dag prøva me oss med alternativ farkost.

Å ta ein taxi (som den litle lastebilen på bilete over) kosta 150 000 Indonesiske Rupies frå bustaden til sentrum og 150.000 attende. Å leige ein scooter ein heil dag kosta berre 88.000 rupies (50 kr), så valet var enkelt. No var det lenge sidan me prøva slik kjøredoning, men kunne det vere vanskeleg, nå 12-13åringar sveiv rundt på desse?

Scooteren førte oss raskt rundt på øya. Neste stopp ut på nordspissen.

Me fant ein ny stad på stranda ved det blå merket.

Me tok oss ein runde langs den 2 km lange stranda (bilete), sjekka opp 4 forskjellige “resorts” og fann ein ny stad for i morgon, på stranda, faktisk. Det var billeg. 285 kroner for eit døgn med frukost. Svært mange av desse stadane er billige nett no og eg reknar med at prisane doblar seg neste månad, når høgsesongen startar.

Unni Elisabeth synes synd på jenta i denne sjøl-laga kiosken.

Ho selde heimalaga smykke, som Unni kjøpte. Ho vart veldig glad😁

Neste dag vart det ein del venting på at regnet skulle gje seg. Natta vart plutseleg avbrutt i femtia med voldsomme lysglimt og kraftig tordenskrall. Om morgonen var det blaut og vatn over alt.

Oversvømte plantar ved hytta.

Den fantastiske verten fekk ordna skyss i regnveret til den nye staden.

Standsmessig transport i skikkeleg bil til vårt nye hotell. Her fyller sonen til verten 5 liter på bilen (45 kr).

Møtte denne flotte dama som er på veg til danseforestilling.

På rommet har me eit bilete med dei tradisjonelle dansarane.

Funksjonell stad. Reint både på bad og soverom.

Her kan me sjå rett ut på stranda og havet frå senga.

Utsikten frå senga.

Truande skyer i horisonten.

Karane lyfta ein 250 kilo påhengs av båten i bakgrunnen.

Dagen i dag var venta med regn frå morgon til kveld. Me kom oss ut i byen (som går langs ei gate 1,5  km lang) og opplevde verknader av regnver mange timar. Vatn over alt, med bilar og mopedar som skvetta sølevatn oå oss.

Vanskeleg å bevege seg mellom bilar, mopedar og sølepyttar.

Mykje regn i dag, i morgon er det meld enno meir.

Og det blei det. Mykje vind og regn, høge bølger som slo heilt opp til huset. Frisk bris og mykje sjø.

Bølgene slo inn og undergrov fundamentene på bambustaket på stranda.

Rommet er svært utsett og me opplever at vatn trenger inn og renn ut på golvet. Hotellet med hyttene er dårleg halde gjennom fleire år, ser det ut til.

Vatn trenger inn i vinduskarmane, som er fullstendig råtna.

Blandebatteriet var reine skulpturen😁

Det verkar som om folka her ikkje bryr seg, men dei er stadig borte og kostar vekk sand og vatn utfor rommet vårt.

Hytta vår ytterst mot sjøen.

Me tok ein roleg dag med lesing og skriving, trodde me…

Roleg dag inne, med vind og regn ute, blei fort til ein fin varm dag ute med antydning av solgløtt gjennom skyene. Spasertur langs den 2 km lange stranda ga oss litt innblikk i daglegliv til folket på Lembogdan.  

Fraktebåt med sekker av sand og sement for byggeprosjekt på øya.

Alt på hodet.

Snart ferdig med arbeidet.

Tapre karar i regnet.

Alt til øya fraktes med båt og iland med handemakt.

Noko av godset henta inn frå den eine båten.

Så kom regnet igjen og natta kjem med rotbløyte.

Siste dag og frukost på Lambongan og me tok rutebåten inn til Sanur, Bali.

Ubud, Bali

Bali er kjent for rismarkene sine. · 23. februar – 1. mars 2026

Neste stopp er Ubut, inne i landet på Bali. Skal vere eit senter for templer, for håndverk og kunst, yoga, massasje og kulinariske opplevingar. Byen visa seg å vere nokså malerisk, med trange gater, små hus  og tempel over alt. Rundt Ubut er det flott natur, med grøne skogkledde dalar, rismarker på sletteland og bratte bakkar.

Bebyggelse i Ubut

Mykje hodet kan nyttast til.

Dette skal me utforske dei neste dagane. Sidan me var så tidleg ute, så blei denne ganske så innhaldsrik.

Taxisjåføren (Grab) ville me skulle ta ein pause med ein kopp kaffi, ok, sa me og plutseleg var me på ein  kaffi- og teplantasje!

Slik ser kaffien ut når den er klar til behandling.

Forskjellige typer kaffi.

Bønner av forskjellig slag.

Brenning av kaffibønner.

Dette er nok slik dei gjorde for ørten år sidan.

Så var det tid for smaking☕️

Tru det eller ei, dette fekk me servert for prøvesmaking.

Det var mange interessante detaljar kring dette, men det vil moglegvis Unni skrive om?

Fryteleg mykje trafikk i Ubut, og det før sesongen startar i mars.

Mange hindutempler på Bali. Det helligste, Pura Tirta Empul.

Her ved Pura Tirta, er bønner til gudane gjort med vatn-ritualar.

Velsigning frå det heilage vatnet.

Me måtte ta på oss sari for å få adgang til tempelet.

Me hyra guide med bil og hadde ein fin tur med mykje spannande å sjå rundt omkring Ubud. Han var kunnskapsrik og var god til å snakke engelsk.

Bali er kjent for ris.

Me stoppa ved ei rismark og oppsøkte bønder som planta ris. Guiden fortalde at ris blei høsta opp til tri gonger i året, og at ris var viktigste ingrediens i det Indonesiske kjøkken. Dei dyrka mykje, men må importere  både frå Vietnam, Kina og Thailand.

Risen blir planta for hand.

Mange munnar å mette. Det bur 287 millionar (2025) i Indonesia. 89% muslimer. Verdas største muslimske land, verdens 4. største folkesetnad.

Hindu-tempel, små og store, overalt på denne øya.

Ganesja, finn me både privat og i offentlege tempel.

Nå er det berre Bali som har ein stor gruppe hinduar, 85% (muslimar 10%) Det merkast på mange måtar i samfunnet her, med mange tempel, avslappa haldning mellom folk. Veldig høg toleranse for annsleis tenkande mennskjer.

Derfor er Bali den mest populære destinasjonen for turistar i Indonesia.

Me tok oss ein lang tur inn i jungelen og fant ein koseleg plass på landet.

Ut av jungelen.

Restaurant midt ute i rismarkene.

Risbonden strevar med spade og spett.

Og maten var kjempegod. Kylling i satay og innbakt grønsakstuing.

Kjekke fotomotiv desse risterassene.

Denne restauranten vitja me fire gonger. Veldig god mat!

Bali-opphaldet går mot slutten og me nytta siste dagen til å vandre rundt i byen Ubud og dei næraste områda.

Enno fleire rismarker, eit dusin steinkast frå senter av byen.

Slik ser risen ut rett før høsting.

Risen blir høsta av bøndene.

Eit par besøk på dansefordstilling blei det og. Balifolket er glad i sin kultur og sin religiøse tilknytning til hinduismen og markerer dette ofte i form av danser og religiøse ritualer.

Suggererende dans.

Her kjem slangedyret.

Indonesia er ikkje Bali. Vår vitjing her har vært spanande på mange måtar. Me har diverre ikkje opplevd kontrastane mellom islamske staten Indonesia (verdens største) og den hinduistiske delstaten Bali. Bali er gjennomsyra av hiduismen med dei sosiale, religiøse og kulturelle skilnadene det fører med seg. Det har give oss gode opplevingar, som sosial aksept, friheit for enkeltmenneske og gode relasjoner med mennesker me har møtt.

No er me klar for Australia, der kontrastene vil vere på eit anna plan enn det kulturelle.

På flyet. Klar for avgang. kl.01.00 lokal tid.