THAILAND IGJEN

Bangkok · 19. – 21. januar 2026

Me hyra ein taxi som tok oss til eit hotell like ved flyplassen. Ein koselig stad, midt i eit strøk med mange forretningar, større foretak og spreidd privat busetnad.

Koseleg møtestad i fyrste etasje der med traff ein 72 åring frå Eidsvold som var på veg til Manila.

Slik sender me ei helsing på sosiale kanalar.

Oppholdet vara ei stund. Me var framme der kl. 06.30 og me hadde innsjekk kl. 14.00. Oppdaga at me måtte betale 69 bath pr. time ekstra siden dei ga oss rommet tidleg😯

Me sov ut på formiddagen og brukte dagen til å utforske området.

Hotellet Lake Siri View.

Bangkok - Phuket · 20. januar 2026

I dag sjekker me ut kl. 12 og blir teke med til flyplassen av taxi. Før det tok med ein tur bak hotellet.

Spanande planter.

Fin park ved hotellet.

Flotte blomar

Me hadde tinga billige bilettar gjennom appen Omio på  Vietjet Airlines  Fleire dagar sidan, men me fekk aldri stadfesta kjøpet med sete og ombordstigningskort. Ikkje fekk med sjekka inn heller. Vel, samma dag fekk Unni heldigvis inn stadfesting via flyselskapet sine nettsider. Eg tenkte mine tanker og synes det hadde vært like greitt, då kunne me ha reist ein annan stad😁

Phuket

Fra flyplassen tok med flybussen mot sentrum. Voldsom trafikk, kl. 19 på kvelden! Her var det 4 feltsveg og tettpakket trafikk. Phuket har vokst fra 56.000 mennesker då me var her i 1987, til 1.000.000 i 2026!! Områder me kjøyrde gjennom, med Odin på armane, var fullstendig transformert frå frodig grønt landskap med hytter og skur langs vegen til massive bygningar med forretningar, butikkar,  verdskjente selskaper, bolighus, skur og høge hus. 1800 % auke i innbyggartal på 40 år det er noko det!

Hoppa av  på den supertrafikkerte Thep Krassatri Road og tok oss gjennom ein labyrint av små og smale vegar te hotellet.

Omsider framme etter fleire kilometer gjennom “tvilsomme” nabolag.

Hotellet var greitt, skilde seg ut frå nabolaget. Dette er frå vindauge vårt.

Phuket · 21. – 26. januar 2026

Om morgonenen gjekk turen rett til den trafikkerte vegen der me vandra gatelangs eit par kilometer, før ein kar i minibuss stansa og kjøyrde oss til sentrum, han tok 300 b.

Der spiste me og fekk kasta oss på ein lokal buss til Kata/Karon Beach som me hadde fått tilrådd frå andre reisande. Dette var stille stadar.

På lokalbussen til Karon Beach.

Vel framme, fekk me rom i ei roleg gate, med mange små pensjonater, kafear, spisestadar, massasjestudio, butikkar, cannabis-sjapper osv. osv.

Frå balkongen på vårt hotell.

Hotellet var lite (8 rom) . Rommet vårt var på toppen i 5 etasje. Det var fint og reint og hadde alt me ville ha. Dei to damene i resepsjonen ville ta min bagasje, men eg visa dei at eg var sterk nok til å ta den sjølv opp dei 50 trappetrinna. Dei trudde vel at ein gamal mann trengde hjelp😅 Unni var så ung at ho ikkje fekk det spørsmålet.

Undersøkte byen med å trave rundt til fots. Den var mykje meir fylt opp med folk enn det me hadde håpa på.

Heile Phukethalvöya verkar fylt opp med folk og hus.

Litt av utstyret me har med oss. Det er ein del elektroniske dippeduttar.

På veg til vaskeriet.

Vasken er snart klar.

Frokost på balkongen.

Her selger dei den illeluktande men smakfulle Duranfrukta.

...og her vil dei ikkje ha ho i nærleiken.

Trangt for turistane gatelangs.

Folk kjøyrer spinngale og fort i gater der fortau er blokkert av boder og motorsyklar. Me var vitne til ein person som blei henta i gata her påkjøyrd av ein motorist. Generelt er det dårleg sikkerheit, men den er bedre enn den var i Laos.

Fisk rett frå havet. Det er ein del sjømat på menyen her i Phuket.

Dei har lært av den store katastrofen. Tsunamien som tok 200.000 liv i 2004.

Kinesisk par lagar stoff til sosiale medier.

Etter eit par dager i solingsmodus, måtte me kle oss for ein lang strandtur.

Her var det åpent til sjøen då me var her sist i 1987.

Blei litt brent denne dagen. C30° i lufta C30° i sjøen.

Planen er å vere her og slappe av, ikkje gjere noko meir enn å sole oss, bade, spise, sole oss, bade, spise for dei neste fem dagane.

Siste dag i Thailand · 26. januar 2026

Dei kĵøyrer desse Toyota minibussane til dei ikkje vil meir. Så havner dei på utstilling ein stad i veikanten. Eg fekk berre to av dei 10 som sto der påpekte og rad.

Tidleg oppe. 06.00. Blei henta av minibuss. Så køyrd til ny minibuss. Denne tok oss til Hat Yai, 60 km frå grensa. Ny minibuss. Ny betaling til grensa. Mykje styr og mykje forseinkingar med slike “connecting buses”. Kom over grensa ca 20.00

Legg merke til setet til venstre.

Me måtte gå over grensa, ca 1 km. Alle formalia gikk greitt, men me hadde ikkje pengar. Lette etter ATM og fant etter litt hjelp ein på ein bensinstasjon.

Joy hjalp oss masse for å kome oss videre inn i natta og videre til hotellet 60 km sør.

Etter dette var det å gripe ein Grab og det gjorde me.

Reiserute i dag. Me kom oss Kuala Peris (sør for B'en på kartet) og tok inn på hotell der.

Next stop Malaysia!