26. januar – 8. februar 2026

Me kom fram til Kuala Peris like ved kysten og opp mot øya Landkawi, som me ynskjer å vitje eit par tri dagar.

Landkawi · 27. – 31. januar 2026

Båten gjeng frå denne byen. Så morgonen etter var me på veg.

No er me i Malaysia. Langkawi har mange naturopplevingar i by på.

Kula Perlis baud på kinabutikk. Leiter

framleis ett den “tapte kniv” og fant den nesten her.

Ombord te hurtigbåten Langkawi.

Ferja med skulle ta viste seg å vere ein hurtigbåt. Smekkfullt. Då me skulle ombord, kom ein heil flokk gutar/menn samanbunta, eller lenka saman med håndjern! Kva,var det desse hadde gjort?? Mogleg det var en deportasjon til eit fengsel ute på ein av Landkawi-øyane? Me spurte ikkje.

Transport er alltid ei prøving.  Du kjem ein stad og alle vil gje deg eitt godt tilbod om transport til hotellet og du blir alltid lurt. Det som verkar billeg, er dyrt nå det kjem til stykket. Du kjenner ikkje valutaen, du kjenner ikkje nivået. Du tenkjer norske prisar ("denne turen kostar det firdobbelte heime”) og ender opp med dyr tur. Vel vel. Me held vel budsjettet, tenkjer eg.

Me kom oss på hotellet og sov godt den natta óg, sjøl om hotellsenga var hard.

Neste dag stod tur på programmet vårt. No er det slik at det er den einaste måten å  kome seg til dei “fine” stadene. Det er massive tilbod over alt for turistar som oss. Det hadde nok vore kjekkere å leige bil, slik at ein valdet plassar sjølv. Det ville vere meir unikt, og ein ville truffet fleire lokale folk. Magne Risa tilrådde dette.  Han hadde erfaring med dette, men me (eg) tar ikkje sjansen på å leige bil. Ukjent trafikkkultur og venstrekjøyring.

Ombord i enkle båtar med kraftfulle motorar.

Me reiser med ei gruppe på 20 utanlanske og malaysiar. Var innom ei strand, der dei hadde lagt til rette for bading og litt sĵøsport. Stranda var liten og oppsettet med aktiviteter var dominerande. Søppel og båtvrak med motorer var dregne opp frå stranda og plasserte i naturen.

 

Dei har holdt på ei stund her.

Omkledningshus. Alle til nerfalls.

Det gjekk ein einsleg mann på stranda og plukka søppel. Mest flasker op plast.

Det gjer ein ubehagelag kjensle dette, der me sjølv er ein viktig del av problemet, globale turistar som me trass alt er.

Plast over alt.

Flytebrygge av det enkle slaget, for å få turistar i land.

Det låg ein svær kondemert flåte på stranda litt  lenger borte og ei heil rekke minihus (for omkledning) ute av bruk. Dei var herja av vind og elde.

Ein av stoppestadar var ved eit verdensarv-stad.

DAYANG BUNTING MARMOR GEOFOREST PARK

Lagunen.

Ein spesiell geologisk formasjon av sandstein som var forma som ei lagune, fylt med ferskvatn (regnvann). Lagunen er knytt til ein historie/legende kring ei gravid prinsesse som la sitt døde spebarn i sjøen fått eit noko spesielt navn.

Badar du her så gjer det deg meir fertil. Ikkje akkurat ei aktuell problemstilling for oss.

Ein litt sint ape kjeftar på meg. Fann han på veg til lagunen.

Utsikten frå den smale passasjen mellom lagunen og havet.

Dagane her i Langkawi vart ei oppsamling av korte turar inn i fine naturområder. Flott å sjå, til sine tider sers stressande med dei store folkemengdene.

Loffarene på båtur med 250 hk i hekken!

Nokon hadde fire av desse i hekken.

Her må ein halde seg vekke når vatnet flør.

Kalksteingrotte med heimstad til flaggermus.

Flaggermusene var det umogeleg å ta bilete av utan blitz. Og det var forbudt. Men me hadde våre små ledlys med😃 Så me fekk dei beste bilete. Folk spurte om å låne lys. Andre hadde berre fått ei skarve lommelykt med spotlys.

Hundrevis hang i taket på grotta.

Dryppstein, som har drypt ei stund. Det var fint å ha skikkeleg lys, dei små ledlysa gjorde underverker.

Så var det litt oppdateringar på bloggane. Det tek tid, men godt å vere innandørs for nerkjøling når temperaturen konstant ligg på 30-32°.

Siste dagen tok me med oss selfistånga opp til Skybridge. Ein storslått utsiktsstad ca. 700 moh.

Opp dit tok me verdas brattaste gondolbane.

Langt ner og högt opp med banen.

 

Skjalg i ein typisk kvilstilling. På himmelbroa. Den vart bygd i 2004 og har visst ein verdensrekord i noko den og.

Spektakulær utsikt. Den plattformen bak har samme høgde over havet som Preikestolen. Mogleg ikkje like imponerande som vår heimlege attraksjon.

Langkawi - Ipoh. · 31. januar 2026

Unni og eg kom oss avgårde med båten klokka 10 og var inne i Kuala Perlis tidleg for buss til Ipoh. Der var berre ein par hundre steg til bussstasjonen. Unni hadde tinga bilettar nå nett på ein buss med avgang kl  15.30. Klokka knapt 12, så me sjekka om det var ein buss før. Det var det, men den var full.

Litt enkel mat på bussstasjonen frå KFC.

Tvilsomme karar, rusa på khat. Hadde ein sjåfør i Thailand som knaska på blader men han kjørte minibusser.

Det var varmt, 30-32° men heldigvis litt vind og skygge der me tok oss ein lunch av det usunne slaget.Men trygg mat rett frå KFC-gryta.

Unni, “gruppa” sin reiseplanlegger, har kjøpt flybillettar til ein god pris😀

 Bussen mot Ipoh tok ca. 6 timar

Underveis traff me denne litt hardt på snuten!

Framme I Ipoh, tok me ein Grab til sovestaden (Airbnb). Inne til klokka 23.45.

Ipoh · 1. februar 2026

Oppe tidleg og traff Ann Hitomi (og Artem) klokka 8 til frukost på kinesisk vis. Couchsurfer Ann Hitomi har me kommunisert med heile turen. Det var ho og Artem som vitja oss 3-4 dagar i Stavanger og Kviteseid i september 2010.

Mykje å velge mellom til frukost.

Ann er kinesisk malayer og har budd i Ipoh heile livet. Ho har budd med sine foreldre i over 50 år og tek seg av dei framleis. Dei er begge over 80 år. Av yrke er ho regnskapsførar i eit stort firma, men nyttar nesten alle feriane sine til reiser i Asia og Europa.

Mange bygningar i gamlebyen har kolonialske trekk.

Ipoh er ein historisk by som arkitektonisk er prega av kolonitida under England. Europeere hadde kontroll over landet i 400 år (1511-1957) med en kort periode for Japans brutale krigsår (1941-45). Storbritannia dominerte perioden, men både Portugal og Nederland har hatt makt over landet (stakkars folk!)

Jernbanestasjonen er tatt godt vare på.

Ann Hitomi og Artem tok oss med på sightseeing i byen. Dei viste oss to spesielle tempel, eitt Thai-buddisttempel og eit kinesisk tempel inne i ei svær grotte.

Buddist-tempel med mange “munkar”

Denne munken var knytt til dette tempelet for mange år sidan. Han vart mumifisert etter sin død og her sit han.

Me måtte tenne litt røykelse for eit godt liv I sus og dus😀

Tempelet i grotta var imponerande.

I 1936 bygde kinesiske innvandrarer

eit buddhistisk tempel i ei av dei mange grottene rundt Ipoh. Denne var det mogleg å vandre inni og opp ca. 100 meter og 400 trappetrinn, delvis inne i tempelet.

6 meter budda i grotten, det var mange små og store overalt. 350 trappetrinn hindra oss ikkje med å kome til toppen, med ein pagode som trona drygt 80 meter over inngangen. Med såg mange sveitte malaysarar som streva med å fullføre klatreturen.

Trappene, 350 i talet, var fint plassert i og utenfor grotta.

Her er gjengen samlet. Unni i skyggen bak. Fotografen har gjømd seg.

Me traff ei koseleg fransk jente i slutten av tjueåra. Ho jobba som frivillig med undervisning i engelsk i KL. Ho var på dagstur med buss. Jade blei med oss til lunsj.

Lunch med Malaysisk tradisjonsmat.

Kvelden blei spesiell der me var vitne til feiring av Thaipusan, ei religiøs feiring under nymånen, ein hindu-tradisjon blant dei mange indere som bur i byen. Desse utgjør omlag 18 % av Ipoh sin folkesetnad.

Dei kinesiske er største gruppa med omlag 63% utenom malayer som er  kring 18%. Det er budistar, hinduer, det er kristne og muslimer i byen. Dei set sine preg på byen, gjennom sin mat og folkekultur.

  Gratis mat to kvelder på rad.

Mykje fargerike drakter i og utanfor prosesjonen.

Kvinner hadde dei finaste kostymene.

Barn og vaksne var med til langt på kvelden.

Nydeleg indisk mat gratis på gata. Dette er viss tradisjon på Thaipusan.

Ann Hitomi har organisert møte med optiker her i Ipoh. Det blei gjort synsprøver og me plukka ut brille-innfatning for oss begge. God kvalitet til rimeleg pris. Me vart fine, ikkje sant??

Prøve og sjekke og finne brille som me lika.

Og etter 4 dagar fekk me nye progressive briller begge to😀😀

Ann er heilt utruleg snill! Ho gjer os små gaver’m, kjører oss hit og dit, er suveren guide og gjer alt for mykje for oss to. Me hadde med oss noko smått rosemala frå Kvitetseid til henne. Det sette ho pris på.

Ann er ei utruleg snill person, der ho køyrer oss over alt i den nye blå Toyotaen sin😃

Me var på mange spanande severdighetar i byen, mens me venta på brillene.

Eit museum med kjekke ting å sjå på.

Cameron Hights

Me tok eit døgn ut av byen, ein totimars kjøyretur med buss til Cameron Hights. Området ligg 1500 moh og har eit anna klima enn det me vore vant med dei siste 4 vekene.

Teplantasjar som ligg over 1400 moh.

Amatør plukker te

Profesjonell teplukkar.

Flott “telandskap” kultivert i 100 år.

Me tinga ein kort dag med guide og ein 35 år gamal Landrover. Var innom teplantasje og ein jordbærfarm. Guiden tok oss og gjennom ein tett jungel med eksotiske planter og trer opp til eit utsiktspunkt.

Guiden og sjåføren var informativ og flink.

Unni måtte krype under busker og trær.

Skikkeleg jungel, vill og frodig!

Gatebilde i Tanah Rata. Store deler av gate/fortau var overbygga med tak, der forretninger og restauranter holdt til.

Me hadde eit hotellrom i Tanah Rata.

ein forvokst fjellby med sterke innslag av urbanisme. Fjellområdet er preget av turistar frå både inn og utland. Pga. av klima, der temperaturen ligger 10 gr. under resten av Malaysia.

Urbant preg på byen. Andre deler av Cameron Hights hadde høgblokker på over 20 etasjer.

Derfor er området ein yndet feriestad for Malaysere som vil vekk frå lavlandet og varmen I ferien sin. Store turisthotell prega byane oppe i flellheimen. Turismen er nok stor, men viktigste næring er jordbruk, med produksjon av jordbær, frukter, grønsaker og ikkje minst te.

Mykje plasthus til produksjon av grønsaker og frukt.

Bussen gjekk attende til Ipoh klokka 14.30. Det var berre ein dryg time etter me kom frå fjellturen vår.

Ann henta oss på busstasjonen og kjøyrde rett til optikeren. Rett før stengetid fekk me levert brillene våre, tinga for 4 dager sidan.

Ann tok oss med på siste middag i ein kinesisk restaurant. Ho insisterte  ok ein gong på å betale.

Glade etter eit godt måltid.

Kala Lumpur

Toget til KL gjekk klokka 12.05 og var på KL-stasjonen 2,5 timer seinare.

Kuala Lumpur er hovedstaden i Malaysia med over 9 millioner innbyggere. Dette er ein megaby som har vokst voldsomt i de siste 30åra. Skyskrapere på 30-40 etasjer er spredd over store deler av byen. Det er ingen tvil om at kapitalismen har gode kår i Kuala Lumpur.

Våre 6 timar i byen vært prega av 2 timar med styrtregn.

Unni i striregn. Lyn og torden i 2 timar.

Etter styrtregnet kom det brune vatnet med veldige mengder søppel.

Litt finare å sjå byen “by night”

Me susa rundt I byens sentrale strøk med T-bane og til fots. Nå kvelden kom, henta me bagasjen på oppbevaringen på togstasjonen og drog til flyplassen.

Malaysia oppsummert

Me hadde visse atterhald for korleis Malaysia ville vere for oss. Dette har me fått gjennom omtale og lesing om landet. Me har fått stadfesta ein del av våre antakelser om kulturforskjellar som me ikkje likar som frilynte nordmenn med sans for friheit i det meste me gjer. Det ligg ei klam moralistisk hand over landet og folket som får verke på mange vis innan for mange krinkelkrokar i det malaysiske samfunnet. Det kjennest ubehageleg å bli minna på korleis ein skal leve livet sitt, om moralske kodar, om korleis ein skal kle seg (kvinner) i det offentlige rom. Det er noko trist å sjå fløte kvite strender utan badende folk. På video-reklamane ser me at folk badar med kler frå topp til tå. Folk hopp i symjebasseng fullt påkledd.

Fleire gonger i døgnet skrik menn i høge tårn skingrande lydar med uforståelege babbel. Eg blei vekt kvar morgon frå denne jamringa.

Eg forstår ikkje korleis dei opphavelege kinesarar og indarar klarer dette trykket frå ein slik menneskefientleg religion. Nå må det jo seiast, malayer flest er hyggelig mennesker, som smiler og er hyggelige mot oss vestlendingar🙂

I Thailand, i Laos (og i Kambodja) er det annsleis, der er det religionar som tek eit meir positivt syn på menneskene.