SINGAPORE · 14. – 18. februar 2026

Singapore skil seg ut i Sør-Asia. Her ein ikonisk  profil frå havnesida.

Begivenhetsrik dag, som starta 00.30 med landing av vårt Boieng 777 frå Emirates, på Singapore 🇸🇬 Changi Internasjonale flyplass. Me visste det var ein tanke upraktisk å kome til ny destinasjon på nattestid. Innsjekking på sovestad var klokka 15.00. Så Unni og eg diskutere alternativer. Me brant oss på grytidleg sjekkinn (med timebetaling i Bangkok), så me bestemte at me nok ein gong skulle sove over på flyplassen (sist på flyplassen i Kuala Lumpur).

Slik kan ein og sove👍Nett som me gjorde i 20åra😅

Mesteparten av morgonen satt me på sofaen her og prøvde å registrerer digitalt arrival-card (innreisekort) for Indonesia.

Blod, svette og tårer for eit enkelt dokument.

Eg trur me bruka nesten 2 timar på noko som skulle teke 10 minutt. Immigrasjonsmyndighetene har nok nytta eit heller innkompetent selskap for denne oppgåva. Resten av dagen gjekk på skjener. Tok oss ein matbit i det som nok er det mest dristige me har gjort så langt på matfronten (på denne turen).

Eit enkelt og godt indisk lunsjmåltid på, ein skikkeleg billig, men koseleg spisestad.

Sjansen å få sjau i magen er større på dei lokale spiseplassane med kjøtmat ståande i disken (i varmen), enn på dei meir “sofistikerte” restaurantane, gjerne innandørs med avlukka kjøkken, god hygiene osv.

Unni oppdaga ei flaksande due inne på kjøkkenet, etter at me hadde spist. Var inne på “hotellet” kl. 15.00. Dette er vel det mest primitive/enkle overnattingsstad (nest etter flyplassbenkar/golv) me har tinga.

Eit “cellehotell”, det har me aldri prøva før. Så kvifor ikkje?

Åtte kubesenger i dette rommet. Felles bad. Dette blir spanande å prøve🙂

Før kvelden kom vart det grilling på den norske sjømannskjerka, der mitt søskenbarn Margunn har stasjon saman med Sjur, sjømannspresten. Veldig kjekt å møte dei her🙂 Dei har hatt teneste tidlegare i Sydney og Brasil.

Den norske sjømannskjerka har flott utsikt over havnebasenget sør-vest i byen. Kjerka var 70 år i fjor.

Her møtte me eit par frå Norge som hadde same reiseopplegg som oss. 3 mnd. i Asia.

Sjur, Margunn, Skjalg og Unni.

Det var veldig kjekkt å møte Margunn og mannen Sjur. Dei gav oss gode innspel på stadar å oppsøke dei neste 2 vekene. Gode vertar var dei óg. Denne kvelden var det ein blanding av studentar, pensjonistar, vener, forretningsfolk, ambassadør og oss som vart traktera på fortreffeleg vis. I tillegg til grillmat, diska dei opp med både fastelavensboller og Tv-sendt OL frå Italia, der det norske🇧🇻 laget  tok gull på 30 km stafett!

Det blei stor stemning på tremila.

Natta på cellehotellet gjekk greitt. Litt varmt og klamt og nokre snorkelydar hadde eg rekna med. Det var ikkje så lett å dele bad/toalett med 7 andre personar.

Singapore havn i 1907.

Singapore er en ung stat, selvstendig  i 1965, etter å ha tilhørt Malaysia (og underlagt britisk kolonistyre) siden 1824. Byen har utvikla seg til eit kraftfullt handelssentrum og gjennom mange år har byen/nasjonen vokst i befolkning og økonomisk.

Container-havna i Singapore i bakgrunnen. Opna i 1972, er blant verdens største. Skal flyttes og heilautomatiseres dei neste åra.

Det bur 4,5 millioner i byen/staten. Blant innbyggerne er 75,5% kinesere, 15,1% malaysere og 7,6% indere.

Singapore har streng disiplin, strenge lover og ein “stram” folkesetnad. Her fungerer det meste.

Folk i Singapore er eit folk som følger lover og er skikkelege folk.

Pass på. Det er bøter på mykje her i Singapore.

Politi og oppslag som passer på at folket følger lover og regler.

Flott og effektivt kollektivsystem, lite biltrafikk, reine gater og disiplinerte folk.

Super T-bane, gjer at folk ikkje trenger bil.

Noko av bakgrunnene til det fine kollektivsystemet, er å finne i skattesystemet. For å avgrense bilbruk har dei innførd høgare skatter på bil enn i Norge. Dei  varierer frå 100% på billige bilar til over 320% på luksusbilar i høgare prisklassar. Det er kort sagt lite trafikk i millionbyen Singapore (samanlikna med t.d. Stavanger).

Store deler av den gamle byen er sanert og bygger opp igjen, og myndighetene utvider arealet med å fylle ut i sjøen. Landet har blitt nesten 30% større siden 1965.

Nytt og gammelt i skjønn forening.

Over alt i byen er det reint og ordentleg med omsyn til støy, forurensing og søppel. I 1960 var Singapore lik andre byar i regionen, skitten, illeluktende og visuellt  kaotisk. I 1970 bestemte borgermesteren at Singapore skulle bli verdens mest reine by på ti år. Dei klarte det gjennom ein storstilt plan me å rydde i gamle synder (forurensa grunn og rydding i elver og kanalar) og innføring av eit strengt regime for framtidig håndtering av byens avfall og ikkje minst opplæring av byens borgere.

Store internasjonale selskaper holder hus i Singapore. Equinor og Dnb er her.

I dag er Singapore ein super moderne by og ein 60år gamal nasjonalstat. Dei er langt framme på teknologi, arkitektur, byutvikling og helsefronten.

Nye bydeler med spektakulære bygningar er bygga på nytt areal.

Store arealer blir til gjennom utvidelse i sjøen. Her er det fornøyelsesparken som utvider.

Det viste seg at Unni og eg kom til Singapore akkurat i starten på hestens år i den kinesiske kalender.

Det fekk me med oss dei dagane me var her.

Hestens år.

Kaotisk med tusenvis i China Town.

Me avslutta vårt opphald i Singapore med Museumsbesøk og vandring gjennom Little India på kvelden.

Spektakulære multimedia presentert på The National Museum.

Alt anna ein spektakulært var reklamen på flyselskapet Saudi som reklamerer for Trumps Hotel osv:

Disgusting!