Chiang Mai til Houayxay, Laos · 10. januar 2026
![]()
Frokost på Nortland House på siste dag i Chiang Mai og litt usikre på kven som hentar oss og tek oss videre. I dag er og ei noko udefinerbar reise. Me vart henta. Fin minivan, Toyota av nyaste sort. Gode sete, flott utsikt på fremste rad. Heldige med den 🤗. Nokre andre ryggsekkturistar vart plukka opp og bilen var full. Flotte vegar og i periodar vegarbeid. Vegdekket leggast i betong etter at grunnarbeidet er ferdig. To lag, armering i mellom. Omlag likt det tyskerane la på motorvegane på 1940 talet.
Me hadde eit stopp ved det kvite tempelet nær Chiang Rai. Nydeleg! Fantastisk, eventyraktig, tok pusten frå oss og alt var handarbeid.
![]()
Me fekk ei pause og kjøyrde videre mot grenseovergangen til Laos, vart losa til eit kontor der alle fekk tatt passbilete. Staden var Chiang Khong, som er grenseby på Thailands side og Skjalg og eg skulle etter sigande overnatte der. Men nei,- me vart frakta videre og endte opp ved grensa, fyrst ut av Thailand, så over Friendship Bridge og deretter grensepassasjen til Laos. Der kom me lett gjennom etter å ha betala 50 Bat pr pers (ca 15 kr) for stempelet som grensekontrolløren ga oss og videre 20 Bat pr. pers for turistskatt. Ja då så! Før dette hadde visumet kosta oss 51 dollar pr e-visa. Hmmm…
Friendship Bridge over Mekong.
![]()
Me var gjennom og satte beina våre for fyrste gong på Laos jord. Kvifor var me her? Me skulle jo overnatte på Thailands side? I såfall ikkje,- kor var sjåføren vår? Kor var hotellet/gjestehuset? Gode råd var dyre! Me byrja å undersøkje mogelege overnattingsplassar før me vart utan internett. Tilgangen vår til nettet gjekk ut i Thailand, men me hadde likevel ganske god dekning rett over grensa. Me tok kontakt med selskaper som hadde solgt turen til oss, men dei var ikkje så mykje hjelp. Ettersom me visste at det var fleire bak oss i grensekontrollen som også skulle ta same Slow Boat på Mekong dagen etter så bestemte me oss for å vente på dei. Det var lurt, for stundom kom dei alle,- ei dame frå Laos starta å organisere, det kom ein minivan og der fór me. Me kom til Houayxay, vart losa inn på eit hotell og der var me på plass 😄
På vegen til Laos hadde me blitt kjend med Dave frå Dublin, Irland. Koseleg kar, ingeniørlærar for elevar i videregåande, 26 år og hadde tatt eit år fri for å reise. Han endte opp på same hotellet og saman åt me middag på restaurant med flott utsikt over Mekong.
![]()
Solnedgang over Mekong
![]()
Hotellet vårt til venstre
![]()
Gatebilde frå Houayxay
Houayxay til Pakbeng · 11. januar 2026
Kjølig morgon og superglad for Michael Kors jakka mi som eg fekk av Kitty Karina til jul for nokre år sidan. Skjalg har tjukk skjorte. Frokost i restauranten, men alle dører er opne ut. Me fekk med sandwich til lunsj på båten.
Taxibilen vår kom og det var akkurat plass til 12 personar. Kort tur, ut, vent, registrering og billettutdeling. Ombordstigningen starta og alle måtte ta av sko, legge dei i ein pose og finne setet sitt som var nummerert på biletten. Me fant vår plass. 4 i rad, me var 3 og den 4. kom. Fullt, trangt, tett i tett. Framføre oss var det to jenter som dirigerte to menn til å sitje på firemannsplassane slik at dei alle fekk betre plass. Ergo fulgte dei ikkje opp seteplasseringane sine og nokon ville måtte finne nye plassar. Rekker med nye folk kom inn i båten. Etterkvart leita folk etter plassar og fant ingen stad å sitje. Dei gjekk heilt bak der motoren var, kom fram igjen og såg rådville ut. Dei som hadde, egoistisk nok, breia seg utover firemannsplassane måtte gi opp og gi frå seg sitjeplassar. Nokon var heldige og fekk tre personar på fire plassar, men eg håpar nesten dei kjende litt dårleg samvet for det. Bakerst i båten var det eit lasterom der ei mor med to barn vart sitjane på golvet. Det satt også nokre ryggsekkturistar der. Mykje støy frå motoren og ein utriveleg stad.
![]()
Før innlasting av folk og fe
![]()
Gode plassar her, men båten er stappfull.
Slowboaten er også ein lokal rutebåt til fjerntliggande stader. Lokale kom og gjekk. Mekong rant i strie straumar med stadige små malstraumar og stryk. Me var overraska over kor stri elva var. Uti elveløpet passerte me store og små skjær, stokkar, pinnar, flasker og søppel. Langs bredden såg me landsbyar ligge i skråningen ned mot elva, kyr og bøflar, folk som søkte lykken og vaska gull og på opne rolige områder ungar som leika og bada. Nokre stader passerte me kvite sandbankar mellom store område med steinar. Oppover åssidene tårna høge toppar dekt av frodig grøn vill jungel med ville bananpalmer, palmer og lauvtre.
![]()
Store og små skjær
![]()
Virvlar og stryk
![]()
![]()
Landsby ved bredden av Mekong
![]()
Bøflar
![]()
Lokalbåt
![]()
Slow boat med restaurant
![]()
Lokalbåt
![]()
Folk går av slowboaten. Skjalg i døra.
![]()
Landgang Pakeng
Då me kom til Pakbeng vart me praya av ei dame som hadde rom. Ho ville ha 300.000 for rommet, grei pris (ca.140kr). Det viste seg at dette framleis og delvis var under bygging. Rommet var trangt, men greit og heilt nytt. Fleire stader dårleg handarbeid. På badet lakk tilkoblinga til vasken, men det fiksa me greit ved å skru av hovedkrana. Alt ordnar seg for dei tekniske og kreative.
![]()
Gatebilde Pakbang
Liten by, men masse nybygg og mesteparten av desse var gjestehus og hotell. Det låg eit tempel i landsbyen der me såg mange smågutar i oransje munkeklær.
Pakbeng til Luang Prabang · 12. januar 2026
Ny dag ved Mekongelva. Fekk enkel frukost for oss begge med niste i form av sandwich med eggerøre og grønsaker. Spaserte ned til elvebredden, der me såg at me faktisk var i siste liten for dei beste sitteplassane. Turen på elva varte i omlag 7 timar, med mykje av dei same opplevingane som i går. Me starta begge på kvar vår bok.
Her blir ein skuter lempa opp på fordekket.
![]()
Staking av båt ut frå stranda på ein av stasjonaene.
Endestasjonen ved byen Luang Prabang var ein elvebredde med ei 50 meter lang trapp opp til ein åpen plass med eitt dusin taxiar. Det blei kamp om få turistane i sin bil. Samla oss i ein bil/lastebil og drog avstad. 30-45 min med kjøyring sikksakk til alle 8 hadde fått sitt hotel. Spiste bor.te i gata, tradisjonell laotisk mat. Surra rundt I byen om kvelden, kikka m.a. på det store nattmarkedet.
Luang Prabang · 13. januar 2026
Våkna i dag i eit fint hotellrom. God standard, enkelt utstyrt med det aller viktigste. Alltid litt irriterende at de ikke har nattbord og sengelys.
Vel, det blei berre den eine natt for oss på dette hotellet. Fullbooket dagen etter, så me pakka og dro av gårde til neste. Me hadde gått omkring og rekognisert kvelden før så me hadde funne eit greitt hotell ikkje så langt vekke. Det er ein koseleg by der dei har tatt være på det gamle tradisjonelle bypreget, som var gjeldande under den franske kolonitida 1893-1953).
![]()
Gatebilete, fattig bydel
![]()
Klassisk arkitektur frå kolonial tid.
Plasserte bagasjen på hotellet, men fekk faktisk sjekke inn umiddelbart.
Tok ein lang tur omkring I Pha Prabang. Byen har vært på FN s liste for verdensarv (Worlds Heritage List 1995) akkurat som f.eks Røros. Byen ligg i krysset mellom den mektige Mekong og sideelva Nam Khan. Det var vel derfor det blei ein by her.
![]()
![]()
Gamal bustad frå tidleg 1900-tal.
På kvelden var me på skyggeteater på elvepram, med historien frå kinesisk filosofi (gode anekdoter).
Pah Prabang · 14. januar 2026
Me tinga ein tur på nettet i går. Ein fottur inn i landet, for å oppleve litt gammel laotisk kultur. Eller for å se korleis folk bur på landsbygda.
![]()
Blei henta av ein ung kar (32 gamal guide) I minibuss sama med 8 andre vestlege turistar.
Blei kjøyrd til ein laotisk landsby, der me fekk introduksjon til laotisk håndverk, landbruk og kulturelle tradisjonar. Neste stopp var langs ein landeveg, der berre 4 av oss gjekk av for ein lengre spasertur. Den unge guiden, Vone, gjekk saman med oss. Me skulle inn i hans eget klanområde, Khmu, der dei snakka hans eige morsmål. Me beveger oss langs gamle vegar, laga av jord og stein. Landskapet var prega av bakker og toppar og vegetasjonen var frodig og grøn. Inn i mellom tett skog, var det bananplanter, frukttrær av dei eksotiske slaga og grønsaker av mange slag. Rismarker var framleis grå/brune etter innhaustinga tidligare i sesongen. Guiden ga oss detaljert innføring i dyrkning av ris i Laos.
Me møtte ein del lokale folk på stien som guiden kjente. For ein del av turen hadde me faktisk 2 guider. Ein 78 år gamal kar som blei glad då han oppdaga at det var ein nesten jamgamal kar med i følget.
![]()
Unni og eg gjekk turen saman med eit par frå Roma. Den sjste timen gjekk me aleine med guiden. Han fortalte mykje kring laoistisk kvardagsliv, om natur, om personlege forhold. Han h.a. vore i buddistmunk i 8 år (14-22år). På ettermiddagen kom me fram til eit stort og flott vassdrag med nydelege vatnfall og ossar. Dette var ei skikkeleg turistfelle, men me var heldige,
![]()
![]()
Den neste magiske staden for ein symjetur. Temperatur var på høgde med ein sumar på stranda heime.
Etter ein kjøyretur til Mekong, blei me med på ein båttur i solnedgangen. Var i Pha Prabang på kvelden og spiste saman med det italienske paret (Ilina og Marco).
Luang Prabang · 15. januar 2026
Denne ekstra dagen hadde me tinga på hotellet utan nokon spesiell grunn. Me fekk ein roleg dag, henta oss litt inn og tok dagen på sparket med vitjing på museet for arkitektur/kultur. Det var eit lite museum med ein hovudbygning som var restaurert og tilbakeførd til tida rundt førre hundreår-skifte. Det var ein bustad som husa fleire familiar.
![]()
Interiøret er åpent og lyst. Byggematerialer i tre og bambus.
![]()
Det karakteristiske med husene i Phra Pabang er styltene dei er bygga på.
![]()
informasjonssenter for desarmering av bomber.
![]()
Me vitja eit UXO senter der dei hadde laga enkle, men tankevekkande illustrasjonar om den tragiske perioden (1964-1973) då Usa slapp 2 millioner tonn med bomber over Laos. Med 270 millioner bomber over landet, et Laos det mest bombed landet I verden (bombs pr. capita). 80 millioner ligger igjen av udetonerte bomber i landsbruksområdene sør i landet. Det er stor fare for eksplosjonar ved lett berøring. Fleire hundre mister livet årlig. Mange små barn dør eller blir lemlestet for resten avlivet, 60 år etter krigen. Dei forbanna amerikanerne! Alltid på oppdrag: Død og fordervelse!
![]()
Eit av dei værste, klasebomber.
På kvelden gjekk me opp ei lang trapp på 328 trinn, til Mount Phousi, 150 meters høgde. Der var Chomsi Stupa på toppen.
Sola var nett gått ner i horisonten, så himmelen var rød (fint ver i mårå😃).
Kjøpte litt for heimen på nattmarkedet.
Luang Prabang - Vientiane · 16. januar 2026
Det blei ein tidleg morgon. Hadde pakka sekkane kvelden før og var klar til frukost ved resepsjonen. Croasaint, smør, syltetøy og bananer, så mykje som med orka.
Husverten, ho hadde tinga skyss til togstasjonen. Saman med 6 andre kjøyrde me i ein minibuss langt utfor byen, gjennom støvet landskap og elendige vegar.
![]()
På slutten av turen openbarte det seg eit spektakulært syn, ein gedigen bygning i kinesisk klassisk stil. Dette var stasjonsbygningen.
Trur det var minst eit par tusen mennesker i den store hallen. Minner meg om stasjonar I Kina då me reiste med tog der I 2004.
![]()
Interessant dette med Kina. Laos har god tilknytting til landet. Historisk, oøkonomisk, kulturelt og politisk. Banen er bygget av Kina (2016-2021) og representerer eit stort framskritt for Laos sin kommunikasjons-struktur, der banen går frå Vietiane til Luang Prabang og videre inn i Kina i nord. Men det har sin pris. Laos har teke opp store lån i Kina for dette prosjektet. Det kan jo ha store konsekvenser for eit av verdens fattigaste land med berre 7.8 millionar innbyggjarar.
![]()
Supert tog. Flott standard. Kinesisk alt saman.
![]()
Å kjøpe billett til toget skulle visst vere vanskelig. Med kort varsel måtte me rekna med at det var fullbooka. Hotellvertinna fiksa dette. Kan hende på fyrste klasse. Kan hende på andre. Det var ikkje så stor prisforskjell. Då ho neste morgon kom med bilettane, hadde ho ordna plass for oss begge på 2. klasse. Dette hadde ein pris på 1100000 Kip (ca. 550 kroner). Togreisa er på 390 km. Då me skulle inn I togstasjonen, måtte me gjennomlysa bagasjen. Det førte til at me blei stoppa og fråteke den litle swiss-multiverkøye eg alltid ber med på mine reiser. Prøva forhandle med lao-poltiet, men akk den gjekk nok i lommen på ein utro ansatt, tenkjer eg.
![]()
Med unnatak av introduksjonen, var det var ei svært behageleg reise gjennom eit irr grønt kupert landsskap med høge fjell og bratte dalar. Den doble togtraseen gjekk gjennom lange tunellar, før landskapet mot sør blei meir flatt med store områder av rismarker. Turen tok drygt 2 timar.
Framme i Vietiane fekk med buss til sentrum og hotellet med hadde tinga på Booking.
Dagen var lang og lengre skulle den bli. Hotellet me tinga var ikkje heilt på stell for å sei det forsiktig. Fyrste rommet var det vatnlekkasje med vatn utover heile badet. Det andre rommet sjekka me ikkje godt nok ved fyrste høve, men me plasserte no bagasjen og tok ein tur på byen. Det skulle vise seg overraskingar der og.
På kvelden var me på både matmarkedet og nattmarkedet ved Mekong-elva. Strolla rundt og var på hotellet nærmere 23.00. Oppe på rommet, før utpakking og kveldsstell, kom nok ei overrasking.
Då me kom opp på rommet att viste det seg at det hadde same problem med vatnlekkasje, men også insekter krypande på veggene (sjeggkre).
![]()
Som om ikkje dette var nok, så hang ein stikkontakt I eit hull frå taket og ein annan ved senga hadde løsna og hang og slang i veggen med ledningar ut. Brannfelle og livsfarlig ved berøring. Her ville me ikkje bu. Uheldigvis hadde me betala 1500000 Kip for to dagar. Unni sette i gang ei kraft-tirade mot mannen som ikkje ville refundere. Han meinte me kunne bu der og bytte nytt rom i morgon. Han godtok ikkje at me ville ha pengene tilbake. Det endte opp med at me fekk att halvparten. Altså 750.000 for eit rom me ikkje nytta.
Ut på gata med alt pikkpakk. Klokka var over midnatt. Me strolla rundt I nærområdet og tok det første og beste, etter å ha prøva eit par fullbooka stader. Det blir ei elendig omtale av denne staden på hotellappen. Det gjestehuset me fant var billeg og bra, men støy frå gata var betydelig. Det roa seg imidlertid til kl 01.00, så det blei ok søvn likevel den natta.
Vientiane · 17. januar 2026
![]()
Ny dag i ny by. Vietiane er hovedstaden i Laos. Den har 775.000 innbyggere.
![]()
Store delar av byen er slitt, støvet, skitten og arkitektonisk prega av kolonitida, der den gamle delen framleis ber preg av byggestilen for over 100 år sidan. Men tida har endra seg i Laos, dei har fått del i den globale velstands-utviklinga.
![]()
Det ser me i dei nye bydelane, med moderne bygningar, høgblokker og svære kjøpesentre. Det vår framover for Laos om ikkje så snøgt som f.eks. nabolandet Thailand.
![]()
Litt utfordringar på renovasjons-fronten, som i nesten alle storbyar i Sør-østasia.
Me tok ein rundtur i byen, der me fekk med oss eit inntrykk av Vietiane sine mange kontrastar. 10 kilometer overalt, trøtte i bein og håve. Det er mykje støy og forurensing her.
![]()
I morgon blir det busstur i 12 timar. Det blir ei utfordring med nattbuss igjen. Veit ikkje om vegane her er like bra som me opplevde 6. januar (Bangkok-Chiang Mai)
18. januar 2026
Starta dagen på hotellet med frokost av det enkle slaget. 2 kaffi, 4 toast, eggerøre, 1 pk. smør, 1 pk. syltetøy, litt melon, 100.000 Lak (50 kr). Var på kafe det meste av formiddagen og oppdaterte reisebloggar og surfa på nettet for hotell på neste destinasjon.
![]()
Bussen vår går i ettermiddag. Blir henta på hotellet.
Pakka altt for reisen i natt og vandra rund i byen, i dei nære omgivnaden. Sat på ein cafe, spiste, drakk og surfa på nett. Unni har bestemt å bestemt å fikse bloggen på blogspot direkte uten
å gå om kladder på G disk.
Det har vært mange tekniske problemer med å overføre tekst og laste opp bilete frå Google Foto. Lurer på om det har noko med nettbrett å gjere? Spesielle innstillinger? Alle 4 einingane me har med er Samsung, så det skulle eigentleg vere samlast.
Odin har hjelpe te (når få han tid den supertravle karen??)
Han har konvertert utkasta våre på G doc. til ein blogg med eigen nettadresse! Om me skal opprettholde 2, me fer sǰå.
![]()
Buss blei det. Etter grensepassering med nokre utfordringar av ymse slag, tok me bussen til Bangkok. Starta kl. 19.45 og var framme klokka 05.45.
650 kilometer.