KAMBODJA
Siem Reap · 8. – 14. februar 2026
![]()
Flunkande ny flyplass. Utan fly.
Me var på flyplassen i Kuala Lumpur tidleg, dvs me tok flytoget kl. 22 frå byen, etter å ha sett oss litt om i millionbyen 4-5 timar. Flyturen frå Kuala Lunpur til Siem Reap tok berre 1,5 time og me var i ein nytt land, Kambodia.
![]()
Idyllisk ved elva Siem Reap.
Kontrasten kunne ikkje vore større. Frå ein gigaby med pulserende liv, svære høghus, støy og forurensing, med ein enorm flyplass som var pakka med folk, til bitte lille Siem Reap. Denne byen ligg 315 km nord for hovedstaden Phnom Penh og har omlag 200.000 innbyggere.
![]()
Gatebilde er prega av eit meir roleg liv.
Fyrste inntrykket er positivt, med eit heilt anna tempo og mindre folk og landsby-følelse. Der synte seg og at førsteinntrykket med ein nesten tom flyplass stemte med at her var det heller eit heilt anna stemning med mindre folk. Nå ser det og ut som om turiststrømmen er mindre for tida på grunn av dei urolege tilstandene på grensa mellom Kambodsja og Thailand.
![]()
Det var blitt mindre turistar, fortalde dei oss på nattmarkedet.
Turistar er varsame for politisk uro og krigstilstander, så derfor var det lite folk på flyet og på flyplassen her. Me fekk stadfesta at turistar hadde uteblive det siste året frå selgarar på markedet i byen.
![]()
To glade besteforeldre på bar i Siem Reap.
Det blei ingen søvn på meg i går natt, så eg tok igjen i natt😉
Som alltid fin ver og varmt frå morgonen, så me bestemte oss for å ta ein sykkeltur. Har tinga ein reise til ettermiddagen så då passa det å ta ein runde i byen på eige hand.
![]()
Skuleungar på veg heim.
Syklar fekk me tak i rett over gata til 4 $ dagen, sjølv om me berre skulle ha dei for 2,5 time. Me sikta oss inn på dei bakvegar me kunne finne og fekk ei fin oppleving desse to timane.
![]()
Ungar spelar for oss.
![]()
Ein tohjuling med stor last.
![]()
Litt drikke på vegen.
![]()
Litt fast føde på vegen. Bananene var kjempegode.
![]()
Her har dei to glade syklistene nettopp handla litt frå den lokal kjøpmannen.
![]()
Litt utfor hovedgatene var det heilt ansleis i byggestandar.
Tònle Sap sjøen
Resten av dagen drog me på tur med ei organisert gruppe. Det skulle vere ein utflukt til det dei kalla “Floating village”. Såg for meg ein slik landsby som me vitja i Halong Bay (Vietnam) I 2004. Der var heile byen på flytande pongtongar.
![]()
Hus på “stylter”.
Kvart einaste hus, med politistasjon, rådhus, skule og kjerke stod på pålar slått ner i bakken. Det visa seg at heile byen faktisk stod på pålar.
3000 innbyggarar bur her permanent.
Store deler av året (6 mnd) står vatnet 8-10 meter over dagens nivå.
Den årlige monsunen fører mykje regn ut i elvene og Mekong, som dreg med seg store vassmengder på sin veg frå Nepal til Ho Chi Minh- byen (Vietnam) blir brei og mektig gjennom dei fire landa den renn.
Tònle Sap sjøen her I Kambodsja er knytt til dette vassdraget og artig altså med 8 meter.
![]()
Imponerande flaummål ved landsbyen.
![]()
Under skulehuset var undervisningen i full gang.
![]()
Ein som er trøtte. Kviletimen i hengekøye under huset.
![]()
Han vesle karen var for liten til å vere med skuleungane.
![]()
Politistasjonen, med kanalbåtar fortøgd langs elvebredden.
![]()
Townhall
![]()
Sidegate, med elva I bakgrunnen.
![]()
Garasje, iallefall halve året. Framføre ligg reker til tørka i sola.
![]()
Dame ned lite barn jobber med å pille reker.
![]()
Unni i hovudgata, som står under vatn halve året.
Dei aller fleste i landsbyen driv med fiske. Ein liten del av dei er jordbrukarar og er avhengige av monsunens ubarmhjertige (og livgjevande) syklus. Det er store endringar for desse menneskene som er påverka av klima-endrigane. Dette året har vært det tørraste I mann minne. Nivået i elva har aldri vært lågare.
![]()
Nivået i elva går opp og ner etter monsunen sin årlige syklus.
![]()
Fiskar prøver å sette not langs elvebredden.
Dei prøver å spe på inntektene med turist-eksponering. Dei siste 10 åra har dette ekspandert og gitt betre kår for nokre. Kven som tener mest på dette er nok ikkje dei som bur her, snarere dei mange turoperatørane, busselskapa og båtførarar.
![]()
Turistar representerer ved to av dei.
![]()
Store båtar tek turistane ut til landsbyen.
Landsbyen er blitt ein stor attraksjon for turistar som kjem til Kambodsja.
Det har dei gjort i fleire år, men under Covid I 2020/21 var det bom stopp. Talet på turistar har sidan ikkje teke opp att. Ikkje nok med det, så har grensekonflikt med Thailand skremt folk frå å reise til landet. Det siste året har nedgangen vært 40%.
Det var tydeleg ved at hundrevis av båtar låg til elvebredda I opplag.
På kvelden var me to på ein padletur med ei padledame mot solnedgangen🙂
![]()
To glade turistar i solnedgangen.
![]()
Padledama på veg til restauranten på sjøen. Me spiste eit enkelt måltid.
![]()
Tònle Sap er ein del av Mekong.
Ankor og Ankor Wat
Disse navnene er synonymt med Kambodja. Eg reknar med at praktisk talt alle turistar dreg hit for å sjå verdens største tempel-samling. Staden er ein magnet for folk, så på trass av urolege forhold mellom naboen Thailand og Kambodja.
![]()
Ikonisk siluett - Ankor Wat.
Me starta vår runde klokka 04.00. Me ville få med oss soloppgangen over tempelplassen. I svarte nottå blei me henta og kjøyrd te inngangen med ein lokal mann som guide.
![]()
Ledlampene frå Kjell’s har me nytta mange gonger. Dei var svært praktiske her.
Det ble ein rundtur i ein liten bit av eit 400 km2 område med over tusen små og store tempel. Selve Ankor Wat er 1,6m2 og er verdens største tempelområde. Dette har ei lang historisk betydning for Kambodja og var sentrum for eit kongeleg storrike over fleire hundre år (803-1431) år. Det bestod av dagens Kambodja, Thailand, Laos og deler av Vietnam.![]()
Unni og nokre hundre andre ville ha bilete av soloppgangen.
Då den siste kongen, som var knytt til riket, døde i 1431, vart området tømt for folk og tempelområdet blei forlatt. Naturen tok over og bygningsmassen “forsvant” I jungelen.
![]()
Røter frå spongtreet har lagt seg over tempel-bygningane.
Templene blei gjenoppdaga i 1860 og ein storstilt arkeologisk utgraving fylgje dei neste hundre åra.
![]()
Røter som har trengt seg inn i bygningane. Dei har behalde desse i nokre av templene for å vise naturen kraft.
![]()
Profil av eit av dei mange tempelbygningane, Prasat Bayon.
![]()
Strevsomt å gå alle trappene i 32° C varme. Det blei nokre hundre trapper i løpet av dagen.
![]()
Broa over aquduktet til tempelområdet var vokta av slangen og dei gode og onde kreftene.
Etter 10 timar var me heime att på hotellet vårt. Ein dag med mykje fysiske utfordringar blei avslutte med synet av roleg amazon-framføring (koregrafert dans) og buffet-middag på byen.
![]()
Vakker dans, med klare hinduistiske overtonar.
Neste dag bar det til busstasjonen med tuktuk klokka 07.30. Destinasjon: Phom Pehn, houvudstaden til Kambodja.
Turen med ein elektrisk(!) minibuss førde oss gjennon eit flatt gṛønt landskap med tydeleg preg av landbruks-verksemd. Kan tenke meg at mykje av grønsak- og fruktproduksjonen i Kambodja kjem frå.
![]()
Elektrisk minibuss til lading på ein av rastestadane langs vegen til Phnom Penh.
![]()
Frodig landskap langs elvedeltaet mot Phnom Pen.
Bussen kosta oss 11 US-dollar dei 312 kilometrane til byen. Grei pris, og minibussen var heilelektrisk! Har aldri før reist med El-buss, og så skjedde det i fattige Kambodja🤩 Var litt misnøgd med at sjåføren var bølle i trafikken. Han køyrde om kapp med ein kollega frå same selskap, og prøva å ta igjen ambulansen han motvillig fyrst slapp forbi.
![]()
Hus på stylter langs hovudvegen.
![]()
Phnom Pehn er under voldsam utvikling.
![]()
Det blir bygd over alt i byen.
Hovudstaden veks fort. Det er ei utruleg byggeverksemd i byen.
Kinesisk kapital er drivkrafta i den økonomiske utviklingen i landet.
![]()
Skyskraparar i hopetal vert bygd på dei flate slettene rundt PP.
Kambodja er vel det landet i sør-østasia som har endra seg mest dei siste 30 åra. Etter den katastrofale Pol Pot- perioden (1975-1978) der opp mot 3 millionar døyde på brutalt vis, har det vært ein sers sterk økonomisk og demografisk utvikling i landet. Folketalet har auka sidan 1980 (6 millionar) til 2025 (18 millionar) 200 % på 45 år.
![]()
Triumfbue i gata Champs Elysees - her er fransk påverknad total.
Tala over har eit dystert bakteppe. I perioden 1975-1979 var landet styrt av Røde Kmer med Pol Pot som brutal leiar. Han hadde ein visjon om eitt pengelaust samfunn styrt av bønder, arbeidarar og småfolk. Pol Pot ville gjennomføre eit kommunistisk eksperiment som skulle overgå Kina sin kommunistiske revolusjon. Det gikk galt, frykteleg galt. Hans militærhær, som i starten var på 60000 mann, gjekk etter intellektuelle, legar, lærarar, folk med utdanning og personer med briller(!)
![]()
Her foregikk bestialske handlingar i over 3 år. Det berykta S21 tortursenteret.
Pol Pot sin hær vokste med fleire tusen etter at bønder blei tvangsrekrutterte til khmerhæren. Hærleiaren var i utgangspunktet ein sky mann som skjulte seg i jungelen. Han blei meir og meir paranoid og sette hæren inn for å kvele den minste tegn til opposisjon. Pol Pot sine folk gikk etter alle og vener av mistenkte blei og stilt til forhøyr. Så mange som 18000 blei mishandla og torturert til døde, bare på antydning av mistanke om opposisjonelle handlingar.
![]()
Klasserom nytta som torturkammer.
S21 var ein videregående skule før 1975, men vart nytta som tortursenter i 3 år. Det er i dag eit museum som minner oss om det forferdelege som skjedde på slutten av syttitallet.
![]()
To døde ungdomar som ville vært 60 år i dag.
![]()
Bilete av over 18000 døde i alderen 4-90 år vart mellom anna vist fram i museet.
Fleire av ofra frå S21 var kjøyrde til utryddningleirer rundt om i Kambodja. Det er dokumentert over 300 massegraver i landet.
![]()
Groteskt dokumentert i dødsmarkene utfor Phnom Pehn.
![]()
Unni prega av dei dystre fortellingane på dødsmarkene.
![]()
Ein av dei mange massegravene i dødsmarkene.
Det var ein påkjenning å oppleve desse musea. Godt å kome ut og nyte sol og varme, sjølv om 34 grader óg var ein tanke trykkande.
![]()
Kontrast til opplevingane førre dagen. Kongepalasset i hovudstaden.
![]()
Fine blomar i kongepalasset.
![]()
Varmt🥵 Han klarar seg betre han karen bak der.
![]()
Alt blei litt betre då eg fjerna den varme hårmanken hos ein frisør me fant på vår gatevandring.
![]()
Unni i samtale med ein bestefar og barnebarnet.
![]()
Ingen overlast å snakke om ber.
![]()
Ukjent og kjent frukt på markedet.
![]()
Ikkje alt var like fint å sjå. Her sorterer dei søppel på gata.
![]()
Fristande kjøt for sal. 34°C varme og insekter over alt.
![]()
Unni sender kort heim te barnebarna.
Flyet til neste land gjekk ikkje før te kvelden. Me hadde ein lang dag i Phnom Pehn, fekk sett delar av indre by me ikkje hadde sett før og tråtte 11.000 skritt (som er blitt dagsnormalen).
Tok billigste buss te flyplassen i god tid, sidan rushtrafikken her er kvelande.
![]()
Flott, 1 år gamal flyplass, her og👍.
Så no er me klar for nok eit nytt land. Singapore here we come!