Kitty Karina kjem · 17. mars 2026

Bustaden vår i Hyde Park Plaza.

Utsikt frå den nye bustaden i 9 etasje.

Me fekk ein kraftig standard-auke på bustaden vår neste dag. Denne tinga me i august 25 og kosta oss 6K for 4 dagar.  Kjekk å oppgradere når me blir 3 stk.

Der kom ho 😍

Det var godt å klemme veslejenta vår.

Så godt å ha deg her.

Installert i leiligheten vår i Hyde Park Plaza, 36 timar sidan ho reiste frå Stavanger.

Ut på byen. Me bur berre eit par steinkast frå førre bustaden. Der var me i eit kjekt område med små kaféar, butikkar og koselige restaurantar.

Traff tilfeldig to av våre vener frå siste bustad.

Sydney by night.

Liten leilighet i midten med kjøkken bad stue og soverom.

Frukost av det gode sunne slaget.

Det var herleg å få litt albuerom etter to dagar på hostellet, men slike billige stadar har sin sjarm. Dei er ofte gamle og nedslitte og manglar moderne fasilitetar (t.d. nok stikk-kontaktar). Det dei har er samlingsstadar, som stue, felles kjøkken og spiserom. Det er her me treff andre reisande, studentar, arbeidssøkarar, flyktningar og eventyrarar av alle slag. Gode historiar til frukost og på seine kveldar. Men like fullt, greit å få litt armslag😉

Kitty Karina er super på planar, så no legg me alt i hennar hender.

Med ein ekstra på loffelaget blir det enno viktigare å planlegge framover. Kitty Karina er kjend for sine lister😅

Kvar gong ho kjem til ein ny plass så har ho klar ei liste på kva ho vil gjere og kva ho vil sjå.

Etter litt kvile for å bli kvitt litt “jetlag”, er me klar for å ta ein matbit på byen. Ikkje langt vekke frå der me bur, fekk me auge på to kjente fjes utfor ein pub. Det var Matêj frå Tsjekkia, som jobba som sosialarbeidar (10mnd) og Walter frå Storbritannia som nett hadde fått jobb i butikk. Begge eventyrarar som reiser og jobbar, lever for opplevingar frå den eine staden til den andre.

Store høge bygg i Sydney. Nye skyskraparar på veg opp mot himmelen, her ein mot 50 høgder.

Eit av dei fyrste måla for henne i Sydney var sjølvsagt, Sydney Operahouse, Sydney Harbour Bridge og Manly, utanfor byen.

Ikonet som er kjent over heile verden, Sydney Operahouse, teikna av to danske arkitektar.

Me måtte jo ta ein selfi og😅

Sydney Harbour.

Sydney Harbour Bridge

Kitty Karina hadde kjøp av nokon heilt spesielle kaker i Manly på lista si. Dei fant ho her.

Gamle koselege bygningar i den lille  byen Manly, 30 min med båt utfor Sydney.

Eit avslappende miljø i Manly, kontrast til Sydney,  30 minuttar unna.

Manly er kjent for yoga, for koselege kafeear og surfeparadis.

Må vente på den store bølga…

Det var litt utrygt ver, så det blei spasertur i staden for bading på Manly Beach.

Sydney Harbour National Park.

Kitty Karina sa det er like mange edderkoppar i Australia som det er mennesker på jorda. Unni sitt bilete.

Eit dei andre punktene på lista til KK var Bondi Beach. Denne er vel ein av dei mest kjende strendene i verda, mest knytt til TV-serien, og nå sist dei tragiske hendinga der 14. desember 2025.

Bondi Beach namngjeten strand 10 km utfor Sydney. 

Då blei 14 mennesker drept i ein av dei mest alvorlige masseskytingane i Australia si historie. Me ville til stranda for å bade men kunne ikkje unngå å sjå staden der dei grusomme hendingane fant stad.

Den provisoriske minnestaden der skytinga fant stad.

Dei 14 drepne. Den eldste (97) hadde overlevd holocaust, men måtte bøte med livet her.

Friske bylgjer på Bondi Beach denne dagen.

Kitty Karina fekk nokre solstråler på kroppen sin før veromslaget.

Trugande skyer i horisonten.

Bondi Beach, trudde eg var ein del  Sydney by, men bussen me tok dit tok mest ein time.

Dette var ei strand som svært mange andre, ikkje noko spesielt. Me har like fine strender i Noreg.

Eg fekk meg ein liten dukkert i bølgene, eg trur nok surfarane hadde betre utbytte av dagen i dag.

Dei kikka etter hai frå lufta

Bondi Beach er nokonlunde trygg for hai. Såg ikkje noko hainett,  som er vanleg langs strendene på vestkysten. Men dei hadde helikopter som surra fram og attende kvar halvtime.

Etter kun ein dryg time med god sol var det slutt, det byrja å regne. Skikkeleg regn, som utvikla seg til skybrudd🌧 🌧med lyn og torden⚡️⚡️🌩

Vått, veldig vått.Ein time med høljeregn.

Me fekk på oss eingongs regnkåper, som Unni hadde kjøpt i god tid. Me har nytta dei mange gonger, så dei blir slitt etter kvart.

Bussen attende til Sydney var pakka av blaute folk som fekk ei overrasking i motsetnad til oss som hadde Unni på laget. Ho insisterte på at me skulle ha med oss regnutstyret.

Vel heime i leiligheten klarna det opp og me fekk ein tur i boblebad og symjebassenget på taket.

Etter høljeregn blei det klarver og symjing mellom skyskraparar.

Opphaldet i Sydney var forlenga med ein ekstra dag, sidan Unni og eg hadde fått konsertbilettar av Are og Kitty Karina til Sydney Opera House. Puccini’s Turandot. Fantastisk opera😃

Denne morgonen vil Kitty Karina jogge gjennom Hyde Park og til Sidney Opera House.

Ut på dagen blei me klar for operaforestilling med flotte Puccini sin Turandot i operahuset. Spaserturen dit avslørte for oss ein folkevandring til the Warf og operaområdet. Oppvisning med marinen og formasjonsflyging over havna og den ikoniske Sydney Harbour Bridge.

Mykje folk  på beina utfor operaen…

… og her med to av dei, og Kitty Karina bak kamera.

Marinen var representert. Bilete teke frå operaterrassen.

Gamal årgang.

Terrassen på operahuset.

Tidlaus arkitektur, framleis moderne etter 67 år.

Folk på toppen på Sydney Harbour Bridge!

Den australske marinens flagg.

Klar for Puccini!

Heile ensemblet.

Ein storby byr på mange moglegheiter, me fekk me oss mykje i Sydney, ikkje mogleg å referere til her. Fekk gjort og sett mykje av det me ville og hadde planlagt, og nokon overraskingar.

Symjebasseng og boblebad i 17. etasje hadde me ikkje sett for oss, heller ikkje på Kitty Karina si “todo-list”.

Me hadde planar om å leige bil dei siste 14 dagane og kjøyre Eastcoast Sidney - Brisbane. Etter å ha sjekka langtidsvarsel på Yr, endra me meining om det.

Veret, nordover.

Veret sørover.

Sol i sør og regn i nordøst i Australia. Då var valet enkelt. Med dreg sør. Sidan bil tek for lang tid, tinga me flyreise. Det er billig i Australia om du tinga tidleg nok!

Adelaide, South Australia · 22. – 25. mars 2026

Adelaide blei reisemålet. Det var óg flott vér i SW Australia (Perth), men der har me vore. Så då blei det South Australia med Adelaide, Australias 5. største by (1,45 mil)

Me såg for oss både flotte strender og spanande natur med kjekke ting å gjere for oss alle tri.

Me hadde forlate den fine leiligheten i Syndney Hyde Park . Det var ikkje mogeleg å bu der ei natt til. Derfor reiste me til ein ny stad, ein backpackerstad med 14 soveplasser i same rom. Me såg mange i same rom, var me førebudd på ei uroleg natt. Me skulle vere der kun eit par timar, før me grytidleg 04.00 skulle reise til flyplassen. Avgang kl. 07.15, ankomst drygt 3 timar seinare. Framleis tidleg på dag, hadde me framleis moglegheit til å få gjere noko kjekt i byen. Hotellet var veldig bra, stort rom med gode senger. Me tinga for 3 dagar.

Klar for ny by og nye opplevingar

Dyreparken blei fyrste stopp. Eksotiske dyr, frå Australia og andre verdenshjørne.

Ikkje akkurat ein kenguru, men like fullt eit eksotisk dyr.

Klassisk udyr

Apakatt og Øgle.

Panda er alltid ein attraksjon i ein dyrepark. Denne er nok frå Chengdu,

der me såg pandaer ute i det fri i 2004.

Desse fuglane har eg ikkje har sett på Jæren.

Det var litt skuffande at me ikkje fekk sett fleire dyr, men dei helt seg visst i skyggen i varmen. Så eit glimt av kenguru og koalabjørn.

Etter dyrehagen måtte me få oss litt luft og utsyn og drog på stranda. Med tog frå sentrum, tok det berre 35 min til Brigthon og strendene der.

Fin strand, 35 min med toget fra byen.

Kitty Karina fangar Brighton Jetty.

Bruken av kollektivsystemet i Adelaide er likt det som me hadde i Perth og Sydney. Du bruka berre kredittkortet ditt og vips var det betalt. Ei reise, 1 dollar (6.70kr). Så reiser på 2 min, og reise på 1 time til same pris. Dei har rydda og forenkla eit gamalt system som likna på det norske med dusinvis av selskap og håplause brukarløysingar.

Etter middagen i Brigthon, fekk me med oss solnedgangen.

Det vart ein lang dag for oss, godt sove ut på hotellet.

Sola kom opp att den neste dagen og. Me bestemte oss for bytur og utforsking av handelslivet i sentrum av Adelaide. Vår overnattingsstad er berre 15 min gange frå sentrum, så det blei nokre tusen skritt gatelangs og innom butikkar for dei to damene.

På veg inn i handlegatene. Kontrast i arkitekturen her.

Det blei kvilepausar for meg, eg fekk meg derfor meir sol enn dei desse timane i sentrum av Adelaide🌞.

Det er ein del klassiske bygningar frå den fyrste kolonitida.

National Museum of South Australia og National Art Gallery of South Australia.

Kunstmuseet 

Kunstmuseet,Thomas Hirshhorn, Twin-subjecter, 2011.

Nasjonal biblioteket i Sør Australia er eit dei flottaste i verda.

Her lukta det kunnskap og historie.

Me hadde lenge tankar om å leige bil i Australia, men har ikkje funne rette høve. No passa det fint med ein dagstur. Me fekk råd frå informasjonskontoret i Adelaide om å dra til Barossa Valley.

Leigebilen var ein Corolla.

Det blei den erfarne venstrehands-kjøyraren som sette seg bak rattet igjen.

Greit å bli minna på dette.

Australia er landet med kenguru. Den finst ikkje i vill utgåve andre stadar enn her. Dei har faktisk 50 forskjellige artar av dette særegne dyret. Me såg ein familie på turen vår.

 

Familien hadde lagt seg i skuggen.

Landskapet opp mot Barossa Vally var prega av lange slake bakkar av steppeland med vegetasjon av gras og trær. Mykje sauer beita saman med  ein god del storfe.

Storfe beitar 

Ganske plutseleg endra landskapet seg og bredde seg ut i ein vid dal og vinrankene dominerte fullstendig vegetasjonen. Dette var den navngjetne Barossa Valley.

Vinranker så langt auga kan sjå. Barossa Vally er kjent for sine druer og gode vin.

Industriell innhausting må til for å gjere unna vinhaustinga.

To kjekke damer tek ein selfi.

Chatau Tanuda, vingård fra 1890.

Flott hage/park med lavendelhekk.

Her kan ein gassa seg med dyre vinar og brandy rett frå fabrikken.

Hundrevis av eike-tønner, så vidt eg kunne sjå, frå Frankrike.

Unni Elisabeth tek ein skål for laget.

Me fant fleire erverdige vinpalass i Barrossadalen.

Dette hadde ein fin fontene og.

På vegen heim fann me ein 5000 meter lang palme-allé.

Opphaldet i Adelaide, vart styrt av vår hunger for sol og varme. Ja, dst kosta oss dyrt å gjere ein slik manøver, men me fekk då nye og annsleis opplevingar på kjøpet😀

Hadde håpa å treffe igjen ei jente frå eit opphald i heimen vår i 1998, Ailsa,

(som var 19 år gamal legestudent - i dag kjend urolog). Men vår spontane omrokkering i reisa vår, ga oss ikkje tid nok.

Det blei på den annan side tid til nok ei vitjing på stranda i Britghon.

 

Slikke sol på enslig strand.

Bade i varmt stille hav.

On the road again. Back to Sydney.

Innsjekking hos lågprisselskapet Jetstar.

Utfordrande å trå på den smale stien til Jetstar.

Lågprisselskapet Jetstar klarte ikkje å tolke bokstaven Ø. Dette laga krøll fleire gonger og forseinka prosessen med tinging, innsjekking og bagasjehandtering.

Norske bokstavar skapar krøll. Ein gong er det O så er det OE.

Små marginar på vekt, blei og ei krevande øving ved pakking av bagasjen vår.

Brisbane · 26. – 31. mars 2026

Retur til Sydney klokka 22.00 med videre fly klokka 06.00 til Brisbane var og eit maraton-løp for oss.

Det blei nokre timar på benken før innsjekking klokka 04.00.

Flyplassen i Sydney stengte etter siste fly, så me surra rundt ute på flyplassområdet te klokka 04.00 før me kunne sjekka inn og reise 06.15 til vår nye destinasjon.

Apropos tidspunk og klokketid. Adelaide har sidan starten på 1800-talet hatt eigen tidssone, halv time etter resten av verda på same lengdegrad.

Normalt ville det vere 1 time mellom Adelaide og Sydney, men nei, ein halv time takk.

ACST (Australian Central Standard Time), som er UTC +9:30.

Australia er eit stort land med mange tidssoner. På 1800-talet, ville South Australia vere nærmere Melbourne/Sydney-tid (handel og kommunikasjon), men samstundes ta omsyn til sin eigen geografisk plassering. Resultatet blei ein halvtime forflytning – eit kompromiss mellom praktiske behov og «soltid».

Eit par andre land har tilsvarande praksis.

State Victoria · 25. mars 2026

Flyet tok av klokka 6 og me var framme 3 timar seinare. Nok ein gong me måtte skru på klokka, no ein time fram. Me tinga bil på flyplassen i Brisbane og var avgarde klokka 9.30 sør mot Byron Bay.

Vår Nissan 4W Hybrid var kjekk å kjøre, iflg. damene.

Også denne gongen ville damene ta ansvaret å kjøyre her i Australia.

Grei overnatting i camper ved Byron Bay.

Koseleg campingliv. Taco på menyen.

Skjalg har laga middag for fyrste gong på 90 dagar!

Trøtte i trynet, fekk me berre handla litt mat i sentrum av Byron Bay, før me stupte til køys. Neste dag skulle me inn i landet til hippibyen som blei så berømt i 1973.

Nimbin, North South Wales

 Nimbin “hippibyen”.

Budskapet er klart!

Balanse i kropp og sjel

Butikkane levde på den sterke nostalgien frå seksti og syttitalet.

Ungdomsopprøret på sekstitalet var eit vestlig fenomen, sterkt knytta til student-demonstrasjonar i Europa og USA.

Slepp laus  frosken. Mykje å smile av i Nimbin.

Det som er mindre kjent er opprøret i Australia med fleire store festivalar for miljøvern og alternativ livsstil. Den aller siste i Australia var Aqueriusfestivalen i Nimbin i 1973.

Teskjorter for nostalikere

To entusiastiske “nostalgikere”.

Byen er prega av denne festivalen med ungdomsopprør, miljøvern, surfeliv, alternativ livsstil, sosialisme og fri mariuana. Det er som at tida har stått stille her, mens folka er blitt gamle.

Byen har halde på det karakteristiske og visuelle gatebilete og er blitt ein turistmagnet.

Dei har eigen alternativ avis i Nimbin.

Me såg mange gamle hippiar med grått hår og rastafletter. Nokre såg ut til å vera godt innrøkte🥹. Mariuana-røyken låg tjukk i dei fire gatene som utgjør Nimbin. Kan ikkje sjå at byen heller har vakse sidan syttitalet, så den har halde på sin intime og småbyaktige atmosfære. 

Alternative aktivitetar i byen over alt til alle tider.

Frokost på campen.

Ein stor “firfisle” held oss med selskap te frokost. Den fekk bitar av jordbær.

27. 4 Byron Bay

Me bur i Byron Bay. Som store delar av østkysten er også denne staden ein surfe- og badested. Flotte strender og somme plassar med mykje bølger. Akkurat dei dagane me var der var det utfart frå Brisbane og mykje folk, spesielt barnefamiliar.

Surfeparadis I Byron Bay.

Det var ikkje stort meir å gjere for oss å ligge ved stranda og vandre og shoppe😆 Litt kjedelig spør du meg.

Fekk lest litt på stranda

Populært plass I Byron Bay.

Bølger som på Solastranda.

Kitty Karina er ein stadig sjåfør både på venstre og høgre side av vegen. Unni Elisabeth er enig.

 

Brisbane - siste stopp. · 29. mars 2026

Dei siste dagane av turen skal nyttast i provinshouvudstaden I Queensland.

Det er den 3. største byen I Australia med kring 2.7 mill innbyggarar. Då har Unni og eg vært i alle dei 5 største byane I Australia.

Brisbane har bygningar med opptil 90 etasjar. Det er imponerande.

Damene på promenaden langs elva  Brisbane River.

I det heile så føler eg at me har vært på ferie i byane. Australia er eit moderne land med store byar, men og mykje land. Kulturelt er det som å vere heime I Noreg /Europa. Derfor har reisen i Australia vært sers lett og ukomplisert, men og kjedelig. Me har hatt ein del turar med bil, men berre sett små bitar av dette kontinentet. Opplevingar og inntrykk har vore større og meir intense i Sørøst-Asia.

Midt i byen har dei laga ei sandstrand med basseng. Som ein tropisk utgåve av Badedammen i Stavanger.

Unni tok seg ein symjetur i bassenget.

Det var og ein tropisk regnskog langs elva.

Her er den kunstige stranda sett frå Skywalk, 23. etasje over elveleiet.

Få dagar igjen her i Australia og på tampen av reisa har me blive konfrontert med krigen i Midtausten. Vår retur, tinga 8. august 2025 er kansellert!

Her er grunnen til kansellering av vår reise. Me skulle ha mellomlanda i Doha, Qatar. Nå må me finne eit alternativ, for flyselskapet fant ingenting til oss😠

Så dette måtte me ordne sjøl. Mykje styr med å få kontakt med flyselskapet. Til og med telefonen på hotellet var ute av drift.

Her er vårt hotell, inneklemt mellom nye skyskraparar. Me bur i 13. etasje, nest øvste etasje.

Halve dagen blei me verande på rommet for å fikse heimreisa. Mange alternativer, men dyre var dei alle saman. Til slutt blei det heimreise via Tokyo og Helsinki (muligens via Nordpolen?).

Kosta oss 6 mnd. minstepensjon, men litt refusjon og mogleg reiseforsikring kan redusere det store tapet. Då får me kryssa fingrane for at det ikkje skjer ein tredje kansellering for denne heimreisa!

Totalt 32 timar for heimreise. Får 5 timar på Narita i Tokyo.

Pakka pakkje pakkje.

….

Me har til no 31. mars, reist i 90 dagar. Lenge igjen til rekorden vår på vel 150 dagar (1986/87). Det blir ei stor endring for oss nå me trer inn i dei daglege rutinene igjen. For dei som har fylgt oss på reisa, gjennom våre bloggar, takk for interessa, håper det gav meirsmak. Takk og ses heime i Noreg😀🇧🇻

Unni Elisabeth, Skjalg og Kitty Karina. Takk for følget.