Bangkok · 1. januar 2026

Etter ein lang  reise frå Stavanger til Frankfurt og München var me avgàrde på nyttårskvelden med ein 10,5  timar flytur til Bangkok. Me reiste med verdens største passasjerfly (Airbus 380-800) som var smikkfullt.

Fant buss inn til byen og etter ein spasertur dei siste 20 min var me på Roof View Hotel, som Unni hadde booka frå Stavanger. 250 bath pr. natt, 4 netter. Heilt ok, midt i dei mest kule strøket nær Kaosan Road (som me budde i januar 1987 m/ Odin som beibi).

Installerte oss og drog ut. Vandra langs den ekstremt overfylte Kaosan Road og drog inn atmosfære med lyd (musikk) lukt (mariuana). Synet av folk frå heile kloden passerande framføre bordet vårt er alltid fascinerande.

2. januar 2026

Ny dag med sol og 30 grader varme.

På programmet I dag;

Damnoen Saduak flytande marked.

Bestille tur spontant på gata i Kaosan Road. Flotte bilete og ein flink selgar.

Han var nok ikkje heilt nøyaktig i beskrivelse av opplegget.

Kjøyrde med privat sjåfør, tur/retur ca. 150 km. Han snakka dårleg engelsk, men fekk via ein mobilapp ein del av livshistoria hans. Droppa av ved longtailboat og måtte betale denne (2000b) for å kome til det flytande markedet. Ikkje akkurat det selgaren sa..

Itte ein 10 min tur gjennom kanalar

med eit titals  20-30 meter lange salssboder, der dei lokale prøva å selgje oss alt du kan tenkje deg av nips (frå Kina?), kom me fram til Damnoen Saduak flytande marked.

Hundre båtar med turistar. 90 % med dieselmotor og røyk som gassa omgivnaden og folk, både på land og i båtane.

Etter ein times tid, var det attende til bilen og sjåføren. Kyørde til Mae klong jernbanemarked også kalt Talad Rom Hoop som grovt kan oversetjast til å lukke ein paraply eller ei markise.

Markedet med alle salsobjekt, bord stolar og solskydd er anlagt langs begge sider av jernbanelinja og må flyttast vekk for kvar time nå toget kjem.

Fascinerande konsept som nok var reelt og autentisk for nokre tiår sidan, men me mistenkjer det blir halde aktivt som ein eksotisk attraksjon for utanlanske turistar. Likevel var det ei artig oppleving. Det var tendens til litt “panikk” rett før toget varsla sin ankomst. Bodseljarane hytta folk vekk og vaktene insisterte på at alle stod bak den raude linja. Full trengsel med folk som kom framfor dei som fyrst hadde stilt seg opp og som hadde fått ein god utsiktsplass. Hundrevis av mobilar vart strekt framover og der kom toget glidande forbi. Ingen vart skadd, alle fekk seg nokre bilete og uansett var det ei artig oppleving.

3. januar 2026

Det gjekk fort i dag til morgonen. Tur til Chang Mai og Laos er plutseleg i boks. Juhu! Etter ei spontan avgjerd i dag til morgonen var me klare for sykkeltur i 3 timar. Me gjekk gatelangs ca ein time, forbi boder, tempel og blomstermarked før me praia ein tuk-tuk og kjøyrde til møteplassen.

 Der kom me i ei lita gruppe på 9 personar og turen gjekk gjennom smale smågater i det indre av Bangkoks småbebyggelse. Det var ein fantastisk tur. Bedagleg tempo, svevande gjennom flatt terreng med kanalar, stader og smaug me truleg aldri hadde funne sjølv. Folk på gata eller på gårdsplassen vinka, smilte og helsa godt nyttår. Me stoppa ved eit par spesielle tempel med ein liggande budda og ein kjempebudda. Munkane messa i kor i tempelet og me angrar på at me ikkje tok video der, men tok berre bilete. Ja ja. Neste gong 🫡. På turen snakka me ein god del med eit koseleg dansk par frå København.

China Town · 4. januar 2026

Herleg å vakne opp til nok ein varm dag i eksotiske Thailand. Frokosten er som i går, smakfull og sunn😁 ris, grønnsaker og egg.  Spesielt kjekt å vite at opplegg for dei neste 6 dagane er i boks, så dagen i dag blir ein konsolidering og innkjøpsdag.

Skjalg treng nye briller, men det er 7 dagars leveringstid på progressive briller etter synsmål. Han treng beskyttelse/omslag til den nye mobilen.

Trangt i China Town

Ny dagsekk ville han og ha..

Unni ville ikkje ha så mykje…og kjøpte mest snacks og eksotiske fruktdrikker til oss begge.

4. januar 2026

Chao Phraya Tourist Boat, hop on - hop off Bangkok

Pakka bagasjen med tanke på ei natt på buss. I kveld dreg me til Chiang May. Fekk ordna med visum til Laos og ca 12.00 var me på veg til elvebåttur. Spasertur gjennom bydelen via Khaosan Road til den store elva Chao Phraya som renner gjennom byen. Vandra litt fram og tilbake, usikker kva båt me skulle ta.

Kom oss ombord med kvart vårt dagspass. Fyrste stopp for oss, etter ein halv time, utanfor eit gedigent kjøpesenter. Såg ut til å vere nytt. Spectacular moderne thailansk design. Det hadde alle dei verdenskjente billige og dyre varemerkene (Dior, Vutton, North Face, Starbucks osv.)

Vasa rundt ein halvtime, men sto nærmere 1 time i kø for forsinket retur med båten.

Vel attende frå dagens startpunkt. Der me tok oss ein betre middag i ei lita gatesjappe. Bagasjen me pakka i morges hadde me parkert hos Reiseselskapet der me kjøpte Chang Mai-turen. No gjekk turen til bussterminalen. Fyrst privatbil, så minibuss, så på expressbussen på andre sida av byen.

Chiang Mai · 6. januar 2026

Nåttå på bussen blei som venta, lang og litt strevsom. Hadde ein toalett- og strekkpause halvvegs men og nokre uforklarlege stopp underveis, så me var på bussstasjonen i Chang Mai kl. 06.50.

Der blei me henta av ein minibuss og kjøyrd te hotellet. Koseleg område, med mange små hoteller, pensjonater, guesthouses B&B kafeer og restauranter.

Vel framme, fekk me beskjed om innsjekking kl.14.00. 6 timar…offdå..

Fekk plassert bagasjen og gjorde ein liten runde i nærområdet der me fant ein frokostplass.

Resten av dagen streva me med ei bloggprogram me hadde tenkt å nytta underveis. Får se me får det te. Pakking te morgondagens “trekking” gjekk stort sett unna på ein augneblink. Fekk gjort litt handarbeid og. Juiceflasker i plast blir blilleetui.

Smart triks.

Tok ein runde i nabolaget var innom eit tempel Wat Chiang Man og tok bilete. Attende til hotellet, tok me ein enkel middag. Thailandsk mat.

Mae Wang district · 7. januar 2026

Blei henta av Jeepney kl. 08.15 etter ein kjapp kontinental frokost egg bacon toast passionsfrukt og bananer.

Etter rundtur med pickup eit par plasser var me 7 personar I bilen som skulle på to dagars trekking.

Det var Sofia og Arnoud Ungarn/Nederland, Luca og Simon frå Tyskland, Jan frå Nederland og oss to.

Litt fram og tilbake med guider og greier, før me kjøyrde avgarde og opp i fjella nord for Chang Mai etter. 1 time var me framme ved første aktivitet, rafting på flåte av bambus. Stor, ca 8 lang og 1,2 m brei. Kraftig stokkar som blei sjøsett som ein båt ned i elva som randt stri forbi. Me fekk ein stakemann (styrmann) på flåten og par for par blei me låra ombord sittande på bambustokkane  I badetøy.

Elva hadde god vannføring, så det gjekk tidvis fort avgarde. Det skulpa godt opp på bein og hofter i dei største stryka. Kølig var vatnet og.

Frisk og ny oppleving for oss. Framme ved siste stasjon 30-40 min rafting. Tok eit måltid lunch (inkludert i pakken). Det var stekt ris og frukt. Tørka klær og sette i veg opp til eit gårdsområde der bønder dreiv å jobba på jordene. Eit par dreiv på med gjødsling av planter.

Me traska gjennom skog og åpen lende, med rismarker som venta på regnsesongen (mars/mai).

Etter ein halvtime times tid ble det bading i ein foss, for alle unntatt Unni og  meg (skada skulder på sykkel i desember - må vere varsam med armane ei stund til)

Inn I skogen att før me tok ein pause ved eit tørt elvestryk. Mora oss med å skyte på ei tomflaske med slynge.

Guiden spikka 7 kopper av kraftig bambusrøyr..

Etter omkring 6 kilometer var me framme på Mae Sa Pok Beach Camping. Klokka nærma seg fem og lyset demra.

Her skulle me overnatte. Langt frå byen larm og eit stykke frå sivilisasjonen. Sju personar frå 5 land. Me fekk tildels kvar vår plass I “sovesalen” Det var ei brikke med tre veggen og tak. Kvar person fekk si sivmatte, madrass, pute og tri tepper til å ha over oss. Det ville bli kaldt til natta. 16 grader.

Overraskelse blei det kort etter ankomst. Der kom det to elefantar gående mot huset. Ja den minste av dei gjekk like inn. Svære litle babyelefant (7år) ville ha mat. Han hadde god luktesans og fant fort ein ølboks, han tømte i gapet sitt. Etter det tok han Unni sin turstokk og tok seg ein bit. Passaren av elefanten streva me å få ham ut att.

Har prøva elefanten å få seg mat hos oss.

Og her er kva han hadde I kjeften.

Resten av kvelden blei det laga middag. Guiden og hans makker (sønn) laga dette og det blei god tradisjonskost med kylling, gresskar og grønnsaker. Fortreffeleg, smakfull.

Flinke kokkar. Far og son lagar både middag og frukost.

Te kvelden blei det sang rundt leirbålet.

Mae Wang district · 8. januar 2026

Eg sov dårligt. Var oppe 4 ganger på natta. Snorking frå nabo, vanndråper i ansiktet (kondens frå bølgeblikktaket), hardt underlag og kalde føtter. Tipper det var 16 grader, så me tok begge på oss boble-jakkene under de tre teppene.

Morgonen var fin med stemningsfull soloppgang.

 

Vår guide stelte frokost og etter ha pakka våre små tursekker bar det avgårde til elefantgården like ved.

Der blei det bading i søla og i elva med elefantane. Barnsleg leik for oss vaksne😁

Me drog gjennom skogen att, stoppa ei stund ved eit fossefall før me tok ein times spasertur til pickup-stad der me fekk lunch på ein lokal cafe.

Blei ein vel lang venteperiode før det kom ein minibuss og henta oss. Chang Mai neste. Våre venner hopp av. Nokre skulle med tog til Bangkok og heim til Ungarn. Jan var avgarde til Laos og Simon og Luca skulle sørover til Phukhet.

Me hoppa og av og spaserte dei 15 minuttane til hotellet.

Fekk same rommet og tok ein tidleg kveld.

Chang Mai · 9. januar 2026

19 000 skritt i dag, men gjorde eigentleg ikkje så mykje. Me gjekk gatelangs, tok inn inntrykk av byen, folk, luktene og lydane. Frå stille gater med lyden av fuglekvitter til støy av bilar, motorsyklar og mopedar. Me hadde koselig frokost på ei gatesjappe og middagen delte me. Kylling med casjunøtter og mango sticky rice. Me fekk god tid til å skrive kort til barnebarn.

Skjalg fekk seg ein godt tiltrengt pedikyr.

Om kvelden gjekk me til nattmarkedet på Phapleon Market, Changklan Rd. Yrande liv, masse boder, kunsthåndverk, suvenirer, klær, mat og ting.